Zikim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°36′28.44″N 34°31′18.47″E
Zikim
landsby
Kibutz Zikim 1956.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Nord-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Hof Ashkelon
Koordinatar 31°36′28.44″N 34°31′18.47″E
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av rumenske immigrantar frå Hashomer Hatzair
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Zikim

Zikim (hebraisk skrift זִיקִים) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nord i Negevørkenen og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 385 innbyggjarar.

Zikim vart grunnlagd av unge, rumenske jødar i 1947 og har tiltrekt seg medlemmar frå Hashomer Hatzair frå heile verda, inkludert skodespelaren Bob Hoskins i 1967.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd av ei gruppe unge rumenske jødar som høyrte til Hashomer Hatzair før dei kom til Palestina i 1947. På den tida var det få jødiske busetjingar i Negev, og kvar stad vart rekna som eit «lyspunkt» (zik) i audemarka. Michael Har-Segor, seinare ein israelsk historikar, kom på namnet medan han sat i fengsel i Romania for aktivitetane sine i Hashomer Hatzair. Han sa han omsette eit sitat frå Pusjkin til hebraisk: «Frå gneistar skal det kome ein flamme.» [1]

Zikim har trekt til seg medlemmar frå Hashomer Hatzair frå heile verda, i nyare tid frå Sør-Amerika. Skodespelaren Bob Hoskins arbeidde som frivillig i Zikim i 1967. I 2006 råka ein Kassam-rakett frå nordlege Gaza ein madrassfabrikk i Zikim. Islamsk Jihad tok på seg ansvaret for åtaket.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Past Perfect, Haaretz
  2. http://www.jpost.com/Israel/Article.aspx?id=18307

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]