Den nordamerikanske plata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
██ 

Den nordamerikanske plata er ei jordskorpeplate som dekkjer det meste av Nord-Amerika, Grønland, Cuba, Bahamas, og delar av Island og Asorane. Ho strekkjer seg austover til midthavsryggen i Atlanterhavet og vestover til Tsjerskijfjella aust i Sibir. Plata består berre av kontinentalskorpe og havskorpe. Det indre av den kontinentale hovudlandmassen omfattar ein omfattande granittkjerne kalla ein kraton. Langs kanten av det meste av denne kratonen ligg fragment av skorpemateriale kalla terranar, som er oppsamlingar av kratonen på grunn tektonisk aktivitet over lange geologiske tidsrom. Ein trur at det meste av Nord-Amerika vest for Rocky Mountains består av slike terranar.

I sør grensar plata til Cocosplata i vest og grensa mot Den karibiske plata i aust er ein transformforkasting, som ein kan sjå ved Caymangrupa under Det karibiske havet og Motaguaforkastinga gjennom Guatemala. Den parallelle Septentrional og Enriquillo-Plantain Garden-forkastinga, som går gjennom øya Hispaniola og grensar til Gonâveplata, er òg ein del av grensa. Resten av den sørlege grensa strekkjer seg austover til mitdhavsryggen i Atlanteren der grensa mot Den søramerikanske plata er lite undersøkt og dårleg forstått.

I nord er grensa eit framhald av den midtatlantiske ryggen kalla Gakkelryggen. Resten av grensa i nordvestlege delar strekkjer seg inn i Sibir. Denne grnesa heldt fram frå slutten av Gakkelryggen til Laptevhavrifta, til overgangssone i Tsjerskijfjella, så Ulakhanforkastinga mellom denne og Okhotskplata, og til slutt Aleutargropa til slutten av Queen Charlotte-forkastinga.

Den vestlege grensa er Queen Charlotte-forkastinga som går i havet langs kysten av Alaska og Cascadia subduksjonssone i nord, San Andreas-forkastinga gjennom California, Aust-Stillehavsryggen i Californiabukta og Mellomamerikagropa i sør.

Langs vestkanten har Farallonplata blitt pressa under Den nordamerikanske plata sidan juratida. Farallonplata har nesten forsvunne heilt under den vestlege delen av Den nordamerikanske plata, slik at delar av plata er i kontakt med Stillehavsplata ved San Andreas-forkastinga. Juan de Fuca, Explorer, Gorda, Cocos og Nazcaplata er alle restar av Farallonplata.

Grensa langs Californiabukta er komplisert. Bukta ligg innanfor Californiabukta riftsone, ei rekkje rifter og forkastingar mellom nordenden av Aust-Stillehavsryggen ved munningen av bukta til San Andreas-forkastinga.[1][2]

Det er generelt akseptert at eit stykke av Den nordamerikanske plata vart broten laus og transportert nordover då Aust-Stillehavsryggen forplanta seg nordover, og skapte Californiabukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. USGS Professional Paper 1515
  2. http://pubs.usgs.gov/gip/dynamic/Farallon.html USGS Farllon Plate maps