Den store anti-buddhistiske forfylginga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keisar Wuzong av Tang herska 840–846.

Den store anti-buddhistiske forfylginga under keisar Wuzong av Tang fann stad på 600-talet, med eit høgdepunkt i år 845. Mellom føremåla med forfylginga var å skaffa til vegs middel til krigføring og å reinska Kina for utanlandsk påverknad. Forfylginga var derfor ikkje berre retta mot buddhismen, men også mot andre religionar som zoroastrianisme, nestoriansk kristendom og manikeisme.

Grunnlag[endre | endre wikiteksten]

Keisar Wuzong hadde økonomiske, sosiale og religiøse grunnar for å forfylgja buddhistiske samskipnadar og tempel i heile Kina.

  • Økonomiske grunnar: I 843 vann hæren til keisaren ein viktig siger mot uigurstammar, men ruinerte nesten landet samtidig. Løysinga til Wuzong på den økonomiske krisa var å gå etter rikdommen som fanst i buddhistiske kloster. Buddhismen hadde bløma under Tang-dynastiet, og buddhistklostera hadde hatt skattefritak. I 845 stengde Wuzong mange buddhisttempel, konfiskerte eigedelane deira, og sende munkane og nonnene heim til eit verdsleg liv.
  • Sosiale grunnar: Konfutsianske intellektuelle som Han Yu hevda at buddhismen undergrov den sosiale strukturen i Kina. Ifølgje dei vatna han ut ein son sin lojalitet til far sin, og den undersåtten hadde til herskaren, ved å oppmuntra folk til å forlata familiane sine og bli munkar eller nonner. Etter å ha blitt ordinerte stoppa dei å ta del i økonomisk aktivitet som jordbruk og veving, og levde på støtte frå andre. Forfylgjinga hadde som mål å senda munkane og nonnene tilbake til den skattebetalande allmugen som dreiv med det ein rekna var meir nyttig økonomisk aktivitet.[1]
  • Religiøse grunnar: Medan Wuzong såg på buddhismen som ein framand religion som var skadeleg for det kinesiske samfunnet, blei han ein nidkjær taoist. Dette livssynet var rekna for å ha oppstått i Kina. Buddhismen la fram oppnåing av ikkje-fødsel eller nirvana som mål, noko kritikarar likna med død, medan taoismen lova udøydelegheit, noko keisaren blei stadig meir oppteken av etterkvart som han blei eldre.[2]

Hendingar under forfylginga[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste fasen av forfylginga var retta mot å reinska eller reformera buddhismen i landet, ikkje å utrydda han. Forfylginga byrja dermed i 842 med eit keisarleg edikt om at uønska personar som trollmenn eller forbrytarar skulle ryddast ut blant buddhistmunkar og nonner og sende tilbake til verdslege liv. I tillegg skulle munkar og nonner gje rikdommane sine til styresmaktene; dei som heller ville halda på rikdommen skulle og sendast tilbake til verdsleg liv og bli skattebetalarar.[3] I denne fyrste fasen var konfutsianske argument om å reformera buddhistiske institusjonar og å verna samfunnet frå buddhistisk påverknad og utøving dominerande.[4]

Etterkvart som tida gjekk blei keisar Wuzong meir og meir påverka av påstandane til somme taoistar, og byrja utvikla ein sterk motvilje mot buddhismen.[5] Den japanske munken Ennin, som var i Kina under forfylginga, hevda til og med at keisaren var blitt påverka av ein forboden kjærleik for ei taoistisk prinsesse.[6] Keisaren blei også meir bråsint og uberekneleg i dømmekrafta si. Eit av edikta hans la ned forbod mot trillebårar med eit hjul, ettersom dei braut opp «midten av vegen», eit viktig omgrep i taoismen.[7] Som følgje av dette gjekk forfylginga i 844 inn i ein andre fase der føremålet var å utrydda og ikkje berre endra buddhismen.[8] Ifølgje ein rapport laga av styresmaktene fanst det 4 600 kloster, 40 000 eremittbustadar og 260 500 munkar og nonner. Keisaren gav ut edikt om at buddhisttempel skulle øydeleggjast, at alle munkar skulle mista munkestatusen, at rikdommen til klostera skulle konfiskerast og at buddhistisk utstyr skulle øydeleggjast.[9] Eit edikt om at utanlandske munkar skulle mista statusen og sendast tilbake til heimlanda sine førte til at Ennin blei forvist frå Kina.[10] Gjennom ediktet frå 845 blei alle kloster med svært få unntak avskaffa. Når klostera blei stengde blei bilda deira av bronse, sylv eller gull gjevne over til styresmaktene.

I 846 døydde keisar Wuzong, kanksje som følgje av dei påståtte livseliksirane han hadde drukke. Han kan også ha blitt forgifta. Kort tid etter at han døydde utropte etterfølgjaren hans eit generelt amnesti. Forfylginga var over.[11]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reischauer, s. 221 ff.
  2. Reischauer, s. 243 ff.
  3. Reischauer, s. 237 ff.
  4. Reischauer, s. 242–243.
  5. Reischauer, s. 245.
  6. Reischauer, s. 246.
  7. Reischauer, s. 247.
  8. Reischauer, s. 244, 253.
  9. Reischauer, s. 253 ff.
  10. Reischauer, s. 256 ff.
  11. Reischauer, s. 270.
  • Reischauer, Edwin O. (1955). Ennin's Travels in Tang China. New York: Ronald Press. OCLC 412087. 
  • Philip, T. V. (1998). «Christianity in China». East of the Euphrates: Early Christianity in Asia. Delhi: Indian Society for Promoting Christian Knowledge and Christian Sahitya Samithy, Tiruvalla. ISBN 81-7214-441-5. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 18. august 2020.