Den store fedrelandskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den store fedrelandskrigen eller Den store patriotiske krigen er nemningar som har vore mykje bruka i Sovjetunionen, og i Russland etter Sovjetunionen blei oppløyst, om det som vedgjekk Sovjetunionen og austfronten i den andre verdskrigen. På russisk er nemninga Великая Отечественная Война, Velikaja Otetsjestvennaja Vojna. Namnet viser attende til den russiske patriotiske krigen i 1812, mot den invaderande Napoleon Bonaparte.

Sovjetunionen blei angripen av Hitler-Tyskland den 22. juni 1941, og mesteparten av den europeiske delen av andre verdskrigen gjekk føre seg på «austfronten». Det var der den nazistiske tyske krigsmakta blei knekt.

Den nazistiske krigs- og okkupasjonspolitikken i aust var ekstremt rasistisk og brutal, og gjekk ut på medviten desimering av den slaviske folkesetnaden, attåt utrydding av alle jødar og kommunistar.

Det avgjerande vendepunktet i krigen i aust var slaget ved Stalingrad (Volgograd) frå hausten 1942 til først på vinteren 1943. Etter den tid var Den raude armeen stort sett på offensiven fram til dei tok Berlin i april-mai 1945.

Mellom 20 og 27 millionar sovjetiske statsborgarar mista livet under krigen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]