Den store magellanske skya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den store magellanske skya

Den store magellanske skya er ein liten galakse og den næraste eksterne galaksen til Mjølkevegen. Han ligg omtrent 170 000 lysår unna og har berre rundt 5-10% av massen til Mjølkevegen. Han spenner over rundt 8° på den sørlege himmelhalvkula innanfor stjernebileta Gullfisken og Bordet, der han er lett synleg for det nakne auga. Den store magellanske skya er til liks med Den vesle magellanske skya namnsett etter Ferdinand Magellan som observerte dei under ferda hans rundt verda i 1519, men dei var kjende frå før denne datoen. Den fysiske diameteren til Den store magellanske skya er 25000-30000 l.y.

Den store magellanske skya liknar fyrst på ein irregulær galakse, men har ein sentralstav og kan henda ein spiralarm, so han vert generelt sett klassifisert som ein spiralgalakse. Ein av dei største kjende H II-regionane, Tarantelltåka, ligg i Den store magellanske skya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på artikkelen «Large Magellanic Cloud» s. 222-23 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den store magellanske skya