Gullfisken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gullfisken
Gullfisken
Latinsk namn Dorado
Forkorting Dor
Genitivsform Doradus
Symbologi Namngitt av Bayer, spansk for eit gullfiskslag
Rektasensjon 5 h
Deklinasjon -60°
Areal 179 kvadratgrader
nr. 72 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
Ingen
Sterkaste stjerne α Dor (3,27. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +20° og −90°

Gullfisken (frå latin Dorado) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det inneheld størstedelen av den store magellanskya, ein galakse som òg finst i stjernebildet Bordet.

Gullfisken var ein av tolv stjernebilde som Pieter Dirkszoon Keyser og Frederick de Houtman laga og gav namn til mellom 1595 og 1597. Han blei først skildra i Johann Bayer si Uranometria i 1603.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Gullfisken slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Alfa Doradus er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 3,3, 176 lysår from jorda. Ho er den mest lyssterke stjerna i Gullfisken. Beta Doradus er ein lys kefeide. Ho er ei gulfarga superkjempestjerne med ein minste storleiksklasse på 4,1 og ein største storleiksklasse på 3,5. Beta Doradus ligg 1040 lysår from jorda og har ein periode på 9 dagar og 20 timar.[1]

R Doradus er ein av mange variable stjerner i Gullfisken. S Dor er ein hypergiant i Den store magellanske skya, og er prototypen påS Doradus-variabel-stjerner. Den variable stjerna R Doradus har den største tilsynelatande storleiken til alle kjende stjerner.[2] Gamma Doradus er prototypen på Gamma Doradus-variabel-stjerner.

Supernova 1987A var den næraste supernovaen som har skjedd etter teleskopet vart funnen opp. SNR 0509-67.5 er restane av ein uvanleg energirik supernova type 1a for kring 400 år sidan.

HE 0437-5439 er ei hypersnøgg stjerne som rømer frå Mjølkevegen/den magellanske skya.

Gullfisken er òg staden der den sørlege ekliptikkpolen ligg. Polen vart kalla Polus Doradinalis av Willem Jansson Blaeu.[3]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Sidan Gullfisken inneheld delar av Den store magellanske skya, har ho mange djupromsobjekt. Den store magellanske skya er 1 000 lysår i diameter og er ein satellittgalakse til Mjølkevegen, kring 179 000 lysår unna. Ho har blitt deformert av gravitasjonsvekselverknad med den større Mjølkevegen. I 1987 oppstod supernovaen SN 1987A her i 1987, den næraste jorda sidan 1604.[4] Denne 25 000 lysår breie galaksen har over 10 000 millionar stjerner.[1] Alle koordinatane er gjeven for Epoke J2000.0.

NGC 1566 er ein mellomstor spiralgalakse.[5]
  • NGC 1566 (RA 04h 20m 00s Dek -56° 56.3′) Skyview-bilete er ein frå toppen og ned spiralgalakse. Han har gjeve namn til NGC 1566-gruppa av galaksar.
  • NGC 1755 (RA 04h 55m 13s Dek -68° 12.2′) Skyview-bilete er ein kulehop.
  • NGC 1763 (RA 04h 56m 49s Dek -68° 24.5′) Skyview-bilete er ei lys stjernetåke med tre stjerner klasse B.
  • NGC 1820 (RA 05h 04m 02s Dek -67° 15.9′) Skyview-bilete er ein open hop.
  • NGC 1850 (RA 05h 08m 44s Dek -68° 45.7′) Skyview-bilete er ein kulehop.
  • NGC 1854 (RA 05h 09m 19s Dek -68° 50.8′) Skyview-bilete er ein kulehop.
  • NGC 1869 (RA 05h 13m 56s Dek -67° 22.8′) Skyview-bilete er ein open hop.
  • NGC 1901 (RA 05h 18m 15s Dek -68° 26.2′) Skyview-bilete er ein open hop.
  • NGC 1910 (RA 05h 18m 43s Dek -69° 13.9′) Skyview-bilete er ein open hop.
  • NGC 1936 (RA 05h 22m 14s Dek -67° 58.7′) Skyview-bilete er ei lys stjernetåke og ein av fire NGC-objekt i nærområdet. Dei andre er NGC 1929, NGC 1934 og NGC 1935.
  • NGC 1978 (RA 05h 28m 36s Dek -66° 14.0′) Skyview-bilete er ein open hop.
  • NGC 2002 (RA 05h 30m 17s Dek -66° 53.1′) Skyview-bilete er ein open hop.
  • NGC 2027 (RA 05h 35m 00s Dek -66° 55.0′) Skyview-bilete er ein open hop.
  • NGC 2032 (RA 05h 35m 21s Dek -67° 34.1′) (Måsetåka) Skyview-bilete er eit stjernetåkeområde med fire separate NGC-nemningar: NGC 2029, NGC 2032, NGC 2035 og NGC 2040.
  • NGC 2080 er ei emisjonståke som er 50 lysår brei i Den store magellanske skya.
  • NGC 2070 er ei stjernetåke i Den store magellanske skya, òg kalla Tarantulatåka etter den edderkoppliknande forma. Ho har òg nemninga 30 Doradus, og er synleg for det nakne auga som ei noko uskarp stjerne. Ho er større enn noko anna stjernetåke i Mjølkevegen med ein diameter på 1000 lysår, og er òg meir lyssterk, fordi ho er lyst opp av ei gruppe stjerner, R136. Stjernene er superkjemper.[1]
  • NGC 2164 (RA 05h 58m 53s Dek -68° 30.9′) Skyview-bilete er ein kulehop.
  • N44 er ei superboble i Den store magellanske skya som er 1 000 lysår brei. Strukturen er forma av 40 varme stjerner mot sentrum. Innafor superbobla N44 ligg den mindre bobla N44F. Ho er kring 35 lysår i diameter og forma av ei særs varm stjerne i midten, med ein stjernevind på 7 million kilometer i timen. N44F har òg støvsøyler med truleg stjernedanning gøymd inni.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Ridpath & Tirion 2001, s. 140-141.
  2. «R Doradus». SIMBAD. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=r+doradus&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 13. juni 2016. 
  3. Staal 1988, s. 244.
  4. Wilkins, Jamie; Dunn, Robert. 3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1st utg.). Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN 978-1-55407-175-3. 
  5. Grand swirls, http://www.spaceteleskop.org/images/potw1422a/, henta 6. juni 2014 
  6. Wilkins & Dunn 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gullfisken

Koordinatar: Sky map 05h 00m 00s, −65° 00′ 00″