Stavspiralgalakse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av stavspiralgalaksen NGC 1300

Stavspiralgalaksar eller stangspiralgalaksar er spiralgalaksar som på tvers over galaksekjernen i skiveplanet har eit band av stjerner. Sterke stavar er med i Hubble-klassifiseringa. Svakare stavar er meir vanlege mellom spiralgalaksar, og rundt 60 % av spiralgalaksane har stavar. Infraraude observasjonar, mindre sensitive til støvabsorpsjon og påverknad frå unge stjerner, indikerer at kanskje ein enno større del av spiralgalaksane har stavar; mellom dei Mjølkevegen.

Stjernedynamikken i ei galakseskiva kan oppretta ein stav grunna ustabilitet. Staven kan so seinare bli til ein ringstruktur over tid; mange stavar har selskap av ringar av stjerner.

Stavar kan endra den kjemiske samansetnaden til gassen i ein galakse ved at strøyming gjennom staven blandar gass som opphavleg låg ved forskjellige radiusar og soleis starta med ulik kjemisk samansetnad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «barred spiral galaxy» s. 48 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.