Dengfeng

Koordinatar: 34°27′19″N 113°1′31″E / 34.45528°N 113.02528°E / 34.45528; 113.02528
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dengfeng
Taoisttempel i Dengfeng.
Taoisttempel i Dengfeng.
Taoisttempel i Dengfeng.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Henan
Geografi
Flatevidd 1 216,83 km²
Flatevidd
 - By

1220 km²
Innbyggjarar[1]
 - By
   - folketettleik

630,000
  516,4/km²
Koordinatar 34°27′19″N 113°1′31″E / 34.45528°N 113.02528°E / 34.45528; 113.02528
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Heimeside: http://dengfeng.gov.cn

Dengfeng er eit byfylke i provinsen Henan i det sentrale Kina med om lag 630 000 ibuarar (overslag 2005).[1] Eit stort aluminiumssmelteverk ligg i byen.

Byen ligg ved Song Shan, eit av dei fem heilage fjella i Kina. Dette er eit historisk viktig område ved den nedre delen av Huang He-elva, mellom storbyane og dei historiske hovudstadene Luoyang og Zhengzhou.

Verdarvstad[endre | endre wikiteksten]

I 2010 tok UNESCO fleire stader i Dengfeng med på verdsarvlista si under tittelen «Historic Monuments of Dengfeng in 'The Centre of Heaven and Earth'».[2] Verdsarvstaden omfattar fleire historiske portar, tempel, eit konfutsiansk akademo og Gaocheng-observatoriet:[2]

Det zen-buddhistiske klosteret Shaolin[endre | endre wikiteksten]

Dengfeng er vidkjend for si historiske rolle i utviklinga av den kinesiske kampsporten wushu (betre kjend som kung fu), ettersom det buddhistiske Shaolin-tempelet ligg i dette distriktet (berre 13 km nordvest for byen). Munkeklosteret Shaolin er òg kjent som fødestaden for zen-buddhismen. Zen-buddhismen er i dag særleg utbreidd i Japan.

Det astronomiske observatoriet Guanxing Tai[endre | endre wikiteksten]

Om lag 15 km sørvest for Dengfeng ligg det astronomiske observatoriet Guanxing Tai på tempelanlegget Zhougong Miao. Dette er det eldste observatoriet av sitt slag i heile Kina. Det noverande observatoriet går attende til 1276, men det var observatorium her heilt attende til dagane åt Zhou-dynastiet.

Astronomen Guo Shoujing (1231–1314) konstruerte observatoriet i 1276, i byrjinga av Yuan-perioden. Observasjonene herifrå bidrog til å setja Guo Shoujing i stand til å utvikle ein kalender som samsvarar godt med dagens gregorianske kalender. Berekninga hans av den tida det tek jorda å gå kring sola bomma med berre 26 sekund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Introduction to Dengfeng Arkivert 2007-10-22 ved Wayback Machine., official website of Dengfeng Government, vitja 12. april 2008.
  2. 2,0 2,1 «Historic Monuments of Dengfeng in "The Centre of Heaven and Earth». UNESCO World Heritage Centre.