Zhengzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zhengzhou
Zhengzhoucity.jpg
Plassering
Zhengzhou is located in Kina
Styresmakter
Land Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Provins Henan
Borgarmeister Zhao Jiancai
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant

7 446,2 km²
1010.3 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Byområde

7 356 000
  987,9 /km²
4 508 000
Koordinatar 34°45′37″N 113°38′31″EKoordinatar: 34°45′37″N 113°38′31″E
Diverse annan informasjon
Postnummer 450000
Telefon-retningsnummer 371
Nettstad: www.zhengzhou.gov.cn

Zhengzhou (郑州; pinyin Zhèngzhōu; W.-G.: Chengchow) er eit kinesisk byprefektur som er hovudstad i provinsen Henan i det sentrale Kina. Innanfor bygrensene har byen kring 4,5 millionar innbyggjarar, medan heile prefekturer har kring 7,4 millionar innbyggjarar. Sentrum ligg 20 km sør for Den gule floden.

Byen har mykje industri (bomull, aluminium, maskinbygg). Zhengzhou er òg eit av dei viktigaste jernbaneknutepunkta i Kina, der hovudaksane aust-vest (Long-hai, linja Shanghai-Xian-Urumqi) og nord-sør (Jing-guang, linja Beijing-Guangzhou) kryssar kvarandre. Nordbanegarden i Zhengzhou er den største gods- og rangerjernbanestasjonen i Asia.

Administrative einingar[endre | endre wikiteksten]

Jernbanetorget i Zhengzhou i 2006.

Zhengzhou består av seks bydistrikt, eitt fylke og fem byfylk:

  • Bydistriktet Zhongyuan (中原区), 195 km², 570 000 innbyggjarar (2003), regjeringssentrum;
  • Bydistriktet Erqi (二七区), 159 km², 500 000 innbyggjarar;
  • Bydistriktet Guancheng for huikinesarar (管城回族区), 204 km², 320 000 innbyggjarar;
  • Bydistriktet Jinshui (金水区), 242 km², 780 000 innbyggjarar;
  • Bydistriktet Shangjie (上街区), 18 km², 80 000 innbyggjarar;
  • Bydistriktet Huiji (惠济区), 206 km², 150 000 innbyggjarar;
  • Fylket Zhongmou (中牟县), 1 393 km², 690 000 innbyggjarar;
  • Byfylket Xinzheng (新郑市), 873 km², 630 000 innbyggjarar;
  • Byfylket Dengfeng (登封市), 1 220 km², 630 000 innbyggjarar;
  • Byfylket Xinmi (新密市), 1 001 km², 820 000 innbyggjarar;
  • Byfylket Gongyi (巩义市), 1 041 km², 790 000 innbyggjarar;
  • Byfylket Xingyang (荥阳市), 955 km², 650 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har ei rik historisk og kulturell arv, først og fremst ved det at han var mangeårig hovudstad for Shang-dynastiet (kring 1550-1045 f.Kr.). Byen heitte då Ao. I den austlege utkanten av Zhengzhou ligg ein stad som heiter Shangcheng der det er funne restar etter bybusetnaden.

Rett ved byen Dengfeng, 80 km sørvest for Zhengzhou, ligg det kjende Shaolin-klosteret, der nokre av dei kinesiske kampformane (kongfu) vart utvikla av buddhistmunkane, noko som går igjen i mange kinofilmar (som til dømes Jet Li sin «Shaolin Monastery»).

Byen og området vart hardt råka under den andre kinesisk-japanske krigen mellom 1937 og 1945. I håp om at det ville sinke frammarsjen til dei japanske styrkane bestemte Guomindang-regjeringa seg i 1938 for å bryte dika rundt Huang He - Den gule floden. Dermed vart eit område på 54 000 m² sett under vatn. Éin million menneske drukna, og 12 millionar omkom etterpå som følgje av svolt og sjukdom.

I 1906 var byen vorte sete for ein katolsk apostolisk prefekt med ansvar for katolsk misjon i det som vart kalla det apostoliske prefekturet Vest-Hunan (frå 1924 kalla det ap. prefektur Chengchow). Den 11. april 1946 vart det oppgradert til bispedøme. Den italienske xaverianarpresten Faustino M. Tissot S.X. (1901-1991) vart biskop, men vart utvist av kommunistregimet i 1953. Då hadde bispedømet opp mot 20 000 katolikkar av ein samla folkesetnad på fire millionar.

I 1954 vart Zhengzhou hovudstad for provinsen Henan, noko som førte til ein eksplosiv vekst. Zhengzhou ligg i eit kjempestort område for bomullsdyrking, og vart dermed raskt sentrum for tekstilindustrien i Kina.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Jernbane[endre | endre wikiteksten]

Jingguangbanen, som er toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jernbanelinja er òg innom mellom anna Shijiazhuang, Wuhan, Changsha og Shaoguan.

I Zhengzhou stansar toga på Longhaibanen, den viktigaste jernbanelinja i aust-vest-retning i Kina, som går frå Lianyungang til Lanzhou via mellom anna Xuzhou, Kaifeng, Luoyang og Xi'an.

Veg[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 107 i Kina fører gjennom området. Han går frå Beijing til Shenzhen (rett ved Hongkong, og går innom provinshovudstadane Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]