Det første meksikanske keisardømet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Imperio Mexicano
Flag of Cross of Burgundy.svg
1822–1823 Flag of Mexico (1823-1864, 1867-1893).svg
 
Flag of the United Provinces of Central America.svg
 
Flag of British Honduras (1870–1919).svg
 
Flag of the Mosquito Monarchy.svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Hovudstad Ciudad de México
Språk Spansk
Religion Katolisisme
Styreform Konstitusjonelt monarki (keisarrike)
Historie
 - Oppretta 1822
 - Opphøyrde 1823

Det første meksikanske keisardømet (spansk El Primer Imperio Mexicano) var monarkiet i Mexico i åra 1821-1823. Det oppstod etter Den meksikanske sjølvstendekrigen. Keisarriket eksisterte berre i 18 månader, frå 21. juli 1822 til 19. mars 1823, og hadde berre ein keisar, Agustín de Iturbide. Landområda til riket omfatta den kontinentale delen av det tidlegare spanske visekongedømet Nueva España, inkludert området styrt av generalkapteinen av Guatemala.

Etter sjølvstendeerklæringa 27. september 1821 hadde det meksikanske parlamentet som intensjon å oppretta eit samvelde der kongen av Spania, Ferdinand VII, også ville vera keisar av Mexico, men begge landa skulle ha sine eigne lovar og lovgjevande forsamlingar. Om kongen nekta å ta imot tilbodet, sørga loven for at eit medlem av Bourbon-familien kunne overta den meksikanske trona. Kong Ferdinand nekta å anerkjenne sjølvstendet til Mexico, og sa at Spania ikkje ville tillata at nokon annan europeisk prins overtok den meksikanske trona. Etter forslag frå parlamentet blei dermed meksikanaren Agustín de Iturbide keisar av Mexico.

Då keisarriket braut saman blei Mexico ein republikk, medan Sentral-Amerika braut ut og danna ein ny stat, Den mellomamerikanske føderasjonen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]