Det internasjonale fjernsjakkforbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det internasjonale fjernsjakkforbundet, på engelsk International Correspondence Chess Federation, forkorta til ICCF vart skipa i 1951 som ei nyskiping av ICCA (International Correspondence Chess Association), skipa i 1945. ICCA var igjen ein oppfølgjar av IFSB (Internationaler Fernschachbund), skipa i 1928.

Fjernsjakk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fjernsjakk.

Fjernsjakk er sjakk som blir spela over avstand med ulike former for kommunikasjon.

Dette har tradisjonelt skjedd som postsjakk, med brev eller postkort. Dei siste åra har fjernsjakk i stor grad i staden blitt spela ved å bruke ei fjernsjakk-datamaskin til å kommunisere trekka, og til ei viss grad også ved ebrev.

Fjernsjakk har elles blitt spela ved bruk av dei fleste former for kommunikasjon, frå telegraf på 1800-talet, til seinare telefon, teleks og telefaks. Brevduer skal også ha blitt brukt.

Fjernsjakk står i motsetnad til nærsjakk, der spelarane sit ved eit sjakkbrett samtidig. Det blir også rekna som nærsjakk viss spelarane ikkje sit på same stad, men der trekka blir overført fortløpande, slik at partiet blir avvikla innanfor vanlege rammer for tenketid for nærsjakk.

Før ICCF[endre | endre wikiteksten]

Fjernsjakk oppstod i noko omfang først på 1800-talet, med framveksten av meir moderne kommunikasjon: Betre postvesen, og oppfinninga av telegrafen gjorde det mogleg å spele sjakk over avstand innan rimelege tidsrammer. Sjakklubbar og sjakktidsskrift arrangerte etter kvart både nasjonale og internasjonale sjakkturneringar innan fjernsjakk, i praksis var dette postsjakk. I 1928 vart den første internasjonale samanslutninga danna, IFSB.

Noverande organisasjon[endre | endre wikiteksten]

ICCF er ei samanslutning av nasjonale medlemsorganisasjonar. Det skal no vere meir enn 60 nasjonale medlemsorganisasjonar, med etter det opplyste meir enn 100.000 individuelle medlemmar som spelar fjernsjakk. Dei fleste av desse spelar mange parti samtidig.

Norges Postsjakkforbund er norsk medlem i ICCF.

ICCF har nært samarbeid med Verdssjakkforbundet FIDE. Fjernsjakktitlar, fjernsjakkmeisterskap og fjernsjakkrating er godkjende av FIDE.

Turneringar[endre | endre wikiteksten]

ICCF arrangerer all slags turneringar: Verdsmeisterskap for menn og kvinner, individuelle meisterskap og lag-meisterskap, klasse-turneringar med høve til opprykk - frå opne klasser til meisterklasser, tittel-turneringar og cup-turneringar. Dette med bruk av post, ebrev og sjakkserver.

Det blir også arrangert sone-turneringar for dei fire sonene som ICCF er delt inn i: Europa, Latin-Amerika, Nord-Amerika/Stillehavet og Afrika/Asia.

Fjernsjakkolympiade[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

# År Gull Sǿlv Bronse
1 1949-1952 Ungarn Ungarn (25) Tsjekkoslovakia Tsjekkoslovakia (20) Sverige Sverige (19,5)
2 1952-1955 Tsjekkoslovakia Tsjekkoslovakia (27,5) Sverige Sverige (27,5) Tyskland Tyskland (27)
3 1958-1961 Flag of the Soviet Union.svg Sovjet (35,5) Ungarn Ungarn (32,5) Jugoslavia (1969–1992 Jugoslavia (32)
4 1962-1964 Flag of the Soviet Union.svg Sovjet (36) Aust-Tyskland Aust-Tyskland (28,5) Sverige Sverige (27,5)
5 1965-1968 Tsjekkoslovakia Tsjekkoslovakia (31,5) Flag of the Soviet Union.svg Sovjet(30) Tyskland Tyskland (29,5)
6 1968-1972 Flag of the Soviet Union.svg Sovjet (38) Tsjekkoslovakia Tsjekkoslovakia (28,5) Aust-Tyskland Aust-Tyskland (25,5)
7 1972-1976 Flag of the Soviet Union.svg Sovjet (35,5) Flag of Bulgaria.svg Bulgaria (30) Storbritannia Storbritannia (29,5)
8 1977-1982 Flag of the Soviet Union.svg Sovjet (46,5) Ungarn Ungarn (44) Storbritannia Storbritannia (41,5)
9 1982-1987 Storbritannia Storbritannia (33,5) Tyskland Tyskland (30) Flag of the Soviet Union.svg Sovjet (27)
10 1987-1995 Flag of the Soviet Union.svg Sovjet (34) Flag of England.svg England (33,5) Aust-Tyskland Aust-Tyskland (33,5)
11 1992-1999 Tsjekkoslovakia Tsjekkoslovakia-Tyskland Tyskland (45,5) Flag of Canada.svg Kanada- Skottland Skottland (40)
12 1998-2004 Tyskland Tyskland (47,5) Litauen Litauen (42,5) Latvia Latvia (42,5)
13 2004-2009 Tyskland Tyskland (38) Tsjekkia Tsjekkia (34,5) Flag of Poland.svg Polen (32)
14 2002-2006 Tyskland Tyskland (45,5) Litauen} Litauen (39,5) USA USA(36)
15 2006-2009 Noreg Noreg (48) Tyskland Tyskland (47) Nederland Nederland (46,5)
16 2010-2016 Tsjekkia Tsjekkia (33,5) Tyskland Tyskland (28,5) Frankrike Frankrike (26,5)
17 2009-2012 Tyskland Tyskland (44,5) Spania Spania (43,5) Italia Italia (39,5)
18 2012-2016 Tyskland Tyskland (41,5) Flag of Slovenia.svg Slovenia (41) Spania Spania (39)
19 2016-....
20 2016-2019 Tyskland Tyskland (39,5) Flag of Russia.svg Russland (39,5) Spania Spania (39)

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

# År Gull Sǿlv Bronse
1 1974-1979 Flag of the Soviet Union.svg Sovjet (22) Tyskland Tyskland (19) Tsjekkoslovakia Tsjekkoslovakia (15,5)
2 1980-1986 Flag of the Soviet Union.svg Sovjet (26) Tsjekkoslovakia Tsjekkoslovakia (26) Jugoslavia (1969–1992 Jugoslavia (20)
3 1986-1992 Flag of the Soviet Union.svg Sovjet (23) Tsjekkoslovakia Tsjekkoslovakia (21) Ungarn Ungarn (14,5)
4 1992-1997 Tsjekkia Tsjekkia (24) Flag of Russia.svg Russland (21) Flag of Poland.svg Polen (18,5)
5 1997-2003 Flag of Russia.svg Russland (25) Tyskland Tyskland (22) Tsjekkia Tsjekkia (18)
6 2003-2006 Litauen Litauen (26,5) Tyskland Tyskland (23,5) Italia Italia (23)
7 2007-2009 Flag of Slovenia.svg Slovenia (25) Litauen Litauen (23,5) Tyskland Tyskland (23)
8 2008-2010 Flag of Poland.svg Polen (27) Flag of Bulgaria.svg Bulgaria (27) Italia Italia (26)
9 2011-2014 Flag of Russia.svg Russland (34) Litauen Litauen (32,5) Tyskland Tyskland (30)
10 2015-2017 Tyskland Tyskland (33) Litauen Litauen (30) Flag of Russia.svg Russland (28)

Fjernsjakk-rating[endre | endre wikiteksten]

ICCF har eige ratingsystem, som blir brukt til å rangere spelarane, og som blir brukt som grunnlag for mellom anna tildeling av fjernsjakktitlar.

Fjernsjakktitlar[endre | endre wikiteksten]

ICCF delar ut sjakktitlar i fjernsjakk: Internasjonal Fjernsjakkstormeister (ICCF-GM), Senior Internasjonal Meister i fjernsjakk (ICCF-SIM), Internasjonal Meister i fjernsjakk (ICCF-IM), Internasjonal Kvinnestormeister i fjernsjakk (ICCF-LGM), Internasjonal Kvinnemeister i fjernsjakk (ICCF-LIM) og Internasjonal dommar i fjernsjakk (ICCF-IA)

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]