Det italienske kommunistpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det italienske kommunistpartiet, Partito Comunista Italiano (PCI), blei danna 21. januar 1921 under kongressen til Det italienske sosialistpartiet (PSI) i Livorno, da eit mindretal i møtelyden braut ut frå dette partiet. Den første leiaren i PCI var Amadeo Bordiga. Antonio Gramsci var også ein framtredande medlem av partiet.

Partiet er oppløyst, og tidlegare medlemmer finst i Venstredemokratane (Democratici di Sinistra, DS), og i dei to noverande (reformerte) kommunistpartia PdCI og PRC («Rifondazione Comunista»).

PCI blei forbode av Benito Mussolini si fascistregjering i 1926, og måtte halde fram verksemda si illegalt og i eksil. Den nye partileiaren, Antonio Gramsci, blei fengsla same året. Leiarskapen blei overtatt av Palmiro Togliatti, som også leidde partiet da det blei lovleg att i 1944. Partiet deltok i regjeringssamarbeid med fleire andre parti frå 1944 til 1947, da det blei tvinga ut på grunn av den kalde krigen som heldt på å utvikle seg. I 1948 gjekk PCI og PSI saman i Den demokratiske folkefronten, og blei såvidt slått av det kristelegdemokratiske partiet DC, som hadde full støtte frå både Paven og USA. PCI var det største opposisjonspartiet i heile etterkrigstida.

Politisk utvikla PCI seg gradvis i retning eurokommunisme (/reformkommunisme), det vil seie ei fullt ut demokratisk og sjølvstendig linje, og hadde til dels stor suksess med det, såleis til dømes 34 % av stemmene ved valet i 1976. På den tida var partiet leidd av Enrico Berlinguer. Men i 1991 blei partiet likevel oppløyst, og fleirtalet danna Det demokratiske venstrepartiet (PDS) (no Venstredemokratane), som blei medlem i den Sosialistiske Internasjonalen, det vil seie eit sosialdemokratisk parti i vanleg moderne forstand. Mindretalet danna Partito della Rifondazione Comunista (PRC), som er eit reformkommunistisk parti, no leidd av Fausto Bertinotti. Ei enda mindre gruppe kløyvdest frå PRC og skipa Partito dei Comunisti Italiani (PdCI), som også er reformkommunistar, men har hatt taktiske usemjer med PRC i høve til regjeringssamarbeid.

Dersom nemninga «det italienske kommunistpartiet» blir nytta i dag, gjeld det eitt av dei to sistnemnde partia, altså anten PdCI eller PRC (Rifondazione), som begge kallar seg kommunistiske. Det sistnemnde er det største, med om lag 6 prosent av stemmene ved siste valet.