Det nordindiske låglandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjematisk kart over Det nordindiske låglandet.
Åkrar i Punjab, del av låglandet.

Det nordindiske låglandet, Dei nordindiske elveslettene eller Indus–Gangessletta er eit stort sletteområde i den nordlege delen av Sør-Asia, mellom Himalaya i nord og ulike fjellplatå i sør. Det strekkjer seg frå kysten mot Det arabiske havet i vest til Bengalbukta i aust. Størstedelen av låglandet ligg i India, men det omfattar også store delar av Bangladesh, Nepal og Pakistan. Hovudelvane som renn gjennm landskapet i dag er Indus i vest og Ganges og Brahmaputra i aust. Området er svært fruktbart, og er det tettast folkesette i Sør-Asia.

Låglandet er danna av ei tidlegare havgrop som er fylt opp av sediment frå ulike elvar. Havgropa blei danna ved ei nedfolding av Den indiske plata i den same prosessen som danna Himalaya. Elveslam har seinare fylt opp området med lag som vanlegvis er rundt 6000 meter tjukke, men kan vera opptil 10 000 meter. Breidda på låglandet er gjennomsnittleg 250-300 km. Det går over i åsar og fjell i nord, som Terai i Nepal, og platå som Malwa og Chota Nagpur i sør.

Dei høgare slettene har eldre, leirhaldig sediment, medan dei lågare delane har meir sandhaldige sediment. Høgdforskjellen mellom desse to landskapa er rundt 60 meter. Topografien i landskapet er flat og einsformig, ofte med elvevollar og diker som einaste landemerke.

Den austlege delen av området har sterk nedbør om sommaren og lettare nedbør eller tørke om vinteren. Lenger vest er klimaet tørrare, der Tharørkenen er eit særs tørt ytterpunkt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]