Det nordrussiske låglandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det nordrussiske låglandet ligg heilt nord i den europeiske delen av Russland og er ein del av Den austeuropeiske sletta.

Låglandet, som ligg på vest- og austsida av Timanhøgdene, strekkjer seg ut langs elvane Nordre Dvina, Onega og Mezen i vest og Petsjora i aust. I nord grensar det til Barentshavet. I midten deler Timanhøgdene, som går i nordvest-søraustleg retning, det nordrussiske låglandet i to delar. I nordaust grensar låglandet mot Paj-Khoj-fjella, i aust mot Uralfjella og i sør mot Dei nordrussiske høgdene. I vest går det over Onega- og Ladogasjøen og til Finskebukta.

Landskapet i det særs tynt folkesette nordrussiske låglandet er prega av taiga og tundra, så vel som av elvane og dei store sjøane på slettene. Dei største byene er Arkhangelsk og Severodvinsk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]