Det orknøyske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flagget til Orknøyene, proporsjon 8:11.
Bilete av flagget som vaiar i Stromness.

Det orknøyske flagget vart det offisielle flagget til Orknøyene etter at det vann den offentlege flaggrøystinga i februar og mars 2007.[1][2]

Det orknøyske flagget fylgjer formatet til det norske flagget, men der kvitfargen er erstatta med gul. Letene i det orknøyske flagget er henta frå det skotske og norske flagg og våpen. Raud og gul er frå den skotske og norske kongelege løva. Flagget symboliserer øya sin skotske og norske kulturarv. Blått er henta frå det skotske flagget, og representerer havet og den maritime kulturarven til øyene.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Val av flagg i 2007[endre | endre wikiteksten]

Ved flaggrøystinga vart orknøyingar bedne om å røysta fram det beste designet frå ei liste med fem forslag,[3] som alle hadde vorte godkjente av Lord Lyon.[4] Det kosne flagget var det Duncan Tullock frå Birsay som hadde laga, forslaget hans fekk 53 % av dei 200 røystene.

Finalistane i 2007[5]

Det tidlegare flagget til Orknøyene.

Det tidlegare flagget[endre | endre wikiteksten]

Det gamle flagget til Orknøyene vart vedteke i 1995. I 2001 vart Orkney-flagget, det tradisjonelle flagget til St. Magnus, avvist til offisiell anerkjenning av Lord Lyon, den heraldiske autoriteten i Skotland, på grunn av likskapen til andre nasjonale flagg;[4] og dessutan flagget til Kalmarunionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Det orknøyske flagget