Birsay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birsay
tettstad
Land  Skottland
Kart
Birsay
59°08′13″N 3°20′07″W / 59.136944°N 3.335278°W / 59.136944; -3.335278
Wikimedia Commons: Birsay

Birsay er ein tettstad i eit sokn (parish) med same namn, nordvest på øya Mainland[Note 1]Orknøyane, om lag 31 km frå Kirkwall. Staden er omtala fleire stader i Orknøyingasoga,[1] der han er kalla «Byrgesherad» (norrønt Birgisherað). Namnet skriv seg truleg frå elvenamnet Birgisá.[2]

Den gamle hovudstaden[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Torfinn Sigurdsson.

Tettstaden Birsay på Orknøyane. Ruinane av jarleplasset om lag midt i biletet.
Foto: 2012
Utsikt mot Birsay og Brough of Brisay
Foto: 2009

Soknet er i dag i hovudsak ei jordbrukskommune men er mest kjend for dei mange kulturminna i området. Tettstaden Birsay blir gjerne omtala som «den gamle hovudstaden på Orknøyane»[3], og ein viser då gjerne til Orknøyingasoga (kap.31) som fortel at orknøyjarlen Torfinn Sigurdsson den mektige «hadde jamleg sitt sæte i Byrgesherad» og til opplysinga (i kap. 52) om at staden var det første bispesetet på Orknøyane.

I nærleiken av tettstaden finn ein tidvassøya Brough of Birsay,[4] der ein har funne spor av både piktisk og norrøn busetjing. Der er òg restar av eit kompleks av bygningar, mellom anna eit kyrkjebygg som kanskje har høyrt saman med eit kloster. Det har tidlegare vore ein teori om at setet til Torfinn jarl var ute på øya, men i dag trur ein at det må lokaliserast til nærleiken av tettstaden Birsay på Mainland.

St. Magnus kyrkja i Birsay
Foto: September 2013
Mans Well (Magnuskjelda), ikkje langt frå Birsay. Etter legenda, staden der liket av Magnus den heilage vart vaska, etter at han var blitt drepen.

Bispesetet[endre | endre wikiteksten]

Jarlepalasset i Birsay, sett frå inngangen i sør. (Fotografi frå 2007)
Jarlepalasset i Birsay (Fotografi frå 2007)

Torfinn jarl kom attende til Orknøyane tidleg i 1050-åra, etter å ha vore på pilegrimsferd til Roma, slutta han med å fare i hærferd, og Orknøyingasoga[5] fortel at han då let bygge ei Kristkyrkje[Note 2] i Birsay. Det blir òg sagt at der vart etablert det første bispesetet på Orknøyane,[Note 3] og Kristkyrkja fungerte dermed som bispedømet sin katedral (domkyrkje). Kyrkjehistorikaren Adam av Bremen[6] opplyser at erkebiskop Adalbert i Hamburg-Bremen, etter påbod frå paven (iussu papae), vigsla ein mann med det norrøne namnet «Thorulf» til biskop i Blascona[7] på Orknøyane.

Torfinn jarl skal sjølv ha blitt gravlagt ved kyrkja då han døydde omkring 1065, og seinare (omkring 1115) vart òg sonesonen hans, Magnus Erlendsson jarl (den heilage Magnus), gravlagt der.

Omkring 1136 fekk biskop Vilhelm den gamle visse for at Magnus jarl var heilag, og han let då kista hans grave opp og leivningane vart lagt i eit skrin og plassert på altaret, inne i Kristkyrkja[8] Ikkje lenge etter, truleg det same året, vart relikviane etter Magnus jarl flytta til Kirkwall, for nokre år seinare å bli sett inn i den nybygde St. Magnuskatedralen. Samstundes vart òg bispesetet flytta til Kirkwall. Den vesle Kristkyrkja i Birsay var då ikkje lenger den viktigaste kyrkja på Orknøyane, men etter den tida var ho truleg i lang tid i bruk som soknekyrkje for folket i regionen.

Omkring 1664 vart kyrkja ombygd, eller ei ny soknekyrkje vart bygd om lag på same staden, og ho fekk namnet St Magnus kyrkja.[9] Ein har funne eldre bygningsrestar i det sør-austlege hjørnet av grunnmuren, som truleg skriv seg frå den opphavlege Kristkyrkja. Så seint som på slutten av 1800-talet, skal folk på staden framleis ha omtala kyrkja som «the Christ's Kirk».

Truleg hadde biskopane på Orknøyane seinare i mellomalderen, framleis ein residens i Birsay, nemnt med det latinske namnet «Mons Bellus».[9]

Kyrkja har i dag ikkje lenger funksjon som eit gudshus, og «The Magnus Church Birsay Trust» eig no kyrkja og syter for drift og vedlikehald.

Jarlepalasset[endre | endre wikiteksten]

Ruinane som i dag blir kalla «Jarlepalasset i Birsay»[10][11] er restane av eit slott som vart bygt av Robert Stewart[12] (1533-1593), 1. jarlen av Orknøyane. Han var ein uekte son av den skotske kongen Jakob (James) V (1512-1542) og halvbror til Maria I av Skottland (Maria Stuart).

Palasset vart bygt i to fasar, først i 1570-åra og seinare i 1580-åra, og er konstruert like mykje som ei festning som ein residens. Etter at Robert Stewart døydde, vart palasset berre tidvis brukt av jarlane på Orknøyane og alt på byrjinga av 1700-talet kom det i sterkt forfall. I dag er det vanskeleg å få noko godt inntrykk av korleis anlegget kan ha sett ut i sine glansdagar, men i 1633 vart det omtala som ei «overdådig og staseleg bygning» (sumptuous and stately building[10]).

Drift og vedlikehald av palasset blir i dag utført av Historic Environment Scotland.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. I dei tidlegaste referansane til Mainland, vart øya kalla «Hrossey», som kan tyde «heste-øya», eller kanskje viser til mannsnamnet «Hross». Etter kvart vart øya på norrønt kalla «megin-land», som tyder «hovudlandet», og i nyare språkbruk er blitt til «Mainland».
  2. Orknøyingasoga omtalar Kristkyrkja som «ei gjev kyrkje», på norrønt: Kristskirkju, dýrðligt musteri.
  3. Det er verd å merke seg at bispesetet i Birsay vart grunnlagt før nokon av dei første bispeseta i Noreg, t.d. Selja og Nidaros som vart etablert av kong Olav Kyrre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Mémoires de la Société royale des antiquaires du nord archive.org (om Birsay/Birgisá: s. 245)
  3. Birsay Den gamle hovudstaden på Orknøyane
  4. Brough of Birsay Historic Environment Scotland
  5. Orknøyingasoga, kapittel 31
  6. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, (fjerde bok, kap. 35) (Aschehoug 1993)
  7. Lærde brev fraa og til P. A. Munch («in civitatem Blasconam» s.374)
  8. Orknøyingasoga, kapittel 57
  9. 9,0 9,1 St Magnus Church, Birsay
  10. 10,0 10,1 The Earl’s Palace, Birsay orkneyar.com
  11. Earl's Palace, Birsay Historic Environment Scotland
  12. Earl Robert Stewart History of the Stewarts

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]