Det tyrkiske rådet
Türk Şurası Türk Keneşi Түрік кеңесі Түрк кеңеш | |||
Flagg | |||
Skipa | 3. oktober 2009 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Fatih | ||
Medlemmer | Aserbajdsjan, Kasakhstan, Kirgisistan, Tyrkia[1] | ||
Motto | Biz Birlikdə Daha Güclüyük!, Біз Бірге Мықтымыз!, Биз Бирге Дагы Күчтүүбүз!, Biz Birlikte Daha Güçlüyüz!, Biz Birgalikda Kuchliroqmiz!, Biz Bilelikde Has Güýçli!, Erősebbek Vagyunk Együtt!, Together We Are Stronger! | ||
Nettstad | https://turkicstates.org |
Det tyrkiske rådet eller Samarbeidsrådet for tyrkisk-talande statar (tyrkisk Türk Dili Konuşan Ülkeler İşbirliği Konseyi) er ein internasjonal organisasjon for tyrkiske land. Han blei skipa 3. oktober 2009 i byen Nakhitsjevan i Aserbajdsjan. Generalsekretariatet ligg i Istanbul i Tyrkia.
Aserbajdsjan, Kasakhstan, Kirgisistan og Tyrkia er medlemmer i organisasjonen. To andre tyrkiske statar, Turkmenistan og Usbekistan, er ikkje medlemmer av rådet på grunn av sin nøytralitet, men er moglege medlemmer i framtida.[2]
Det tyrkiske rådet har som mål å byggja på den felles kulturarva og identiteten til folka i medlemslanda sine. Moglege samarbeidsområde femner vidt, og omfattar mellom anna utdanning, vitskap, transport, toll, økonomi og turisme. Fred og stabilitet i regionen er eit anna mål med samarbeidet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «TURKSOY Official Web Site». Turkkon.org. Henta 7. juli 2013.
- ↑ «Turk Dili Konusan Ulkeler Isbirligi Konseyi'nin Kurulmasina Dair Nahcivan Anlasmasi» (PDF). Turkkon.org. Henta 5. mars 2014.
- «General Information«, turkkon.org
- Denne artikkelen bygger på «Turkic Council» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.