Tyrkiske folk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Land og sjølvstyrte regionar der eit tyrkisk språk har offisiell status.

Tyrkiske folk er ulike folkegrupper som lever i nordlege, sentrale og vestlege Asia, i nordvestlige Kina og deler av austlege Europa. Dei snakkar språk som tilhøyrer den tyrkiske språkfamilien. Dei delar i varierande grad visse kulturelle trekk og historisk bakgrunn. Omgrepet «tyrkisk» femner om ei brei etnisk-språkleg gruppe av menneske som omfattar eksisterande samfunn som tyrkarar i Tyrkia, aserbajdsjanarar, tsjuvasjar, kasakhstanarar, tatarar, kirgisarar, turkmenarar, uighurar, usbekarar, basjkirarar, kasjgaiarar, gagausarar, jakutarar, krim-karaittarar, krimtsjakarar, karakalpakarar, karatsjaiarar, nogajarar i tillegg til tidlegare sivilisasjonar og folk som göktürkarar, kumanarar, kiptsjakarar, avarar, førbulgararar, turgesjarar, khazarar, seldsjukkar, osmanarar, mamelukkar, timuridar og moglegvis òg hunarar og xiongnu-folk.[1][2]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ryttar frå Altaj.

Utbreiinga av folk med tyrkisk kulturell bakgrunn strekkjer seg frå Sibir, over Sentral-Asia og til Aust-Europa. I 2011 var tyrkiske folk den største folkegruppa i Sentral-Asia — Kasakhstan, Kirgisistan, Turkmenistan, Usbekistan og Aserbajdsjan, i tillegg til Tyrkia og Iran. I tillegg finst det tyrkiske folk på Krimhalvøya, dei aust-turkistanske regionane av vestlege Kina, nordlege Irak, Pakistan, Israel, Russland, Afghanistan og i landa på Balkan: Moldova, Bulgaria, Romania og tidlegare Jugoslavia. Ei lita mengd tyrkiske folk lever òg i Vilnius, hovudstaden i Litauen, og ei lita mengd bur i austlege Polen og den søraustlege delen av Finland.[3] Det finst òg betydelege folkesetnader av tyrkiske folk (opphavleg hovudsakleg frå Tyrkia) særleg i Tyskland, men òg i USA og Australia, hovudsakleg på grunn av arbeidsinnvandring frå og med 1960-talet.

Tidvis har etnografar gruppert tyrkiske folk i seks hovudgrupper: Oghuz-tyrkarar, kiptsjakarar, karlukarar, sibirarar, tsjuvasjar og jakutarar. Den førstnemnde gruppa har òg vore karakterisert som «vestlege tyrkarar», medan dei øvrige fem gruppene, i den same klassifikasjonen, har vore kalla for «austlege tyrkarar».

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Timur», Columbia Encyclopedia, 6. utg. 2001–2005, Columbia University Press.
  2. «Consolidation & expansion of the Indo-Timurids», Encyclopædia Britannica Online, 2007.
  3. Horn, Frank & Niemi, Heli (Juni 2004): «National Minorities of Finland, The Tatars» Arkivert 2008-09-24 ved Wayback Machine., Virtual Finland (Det finske utenriksdepartementet)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tyrkiske folk