Hunedoara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hunedoara
Hunyadi Castle, Hunedoara, front view.jpg
Byvåpenet til Hunedoara
Byvåpenet til Hunedoara


Plassering
Hunedoara is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Hunedoara
Borgarmeister Nicolae Schiau
Geografi
Flatevidd
 - By

97 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

71 207
  734,1 /km²
Koordinatar 45°46′11″N 22°55′13″EKoordinatar: 45°46′11″N 22°55′13″E
Høgd over havet 278 moh
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 331128
Retningsnummer (tlf) +40 02 54
Bilnummer HD
Nettstad: www.primariahd.ro


Hunedoara (tysk Eisenmarkt, ungarsk Vajdahunyad) er ein by i Romania i Hunedoara fylke i Transilvania. Han ligg i Cernadalen nær Poiana Ruscă-fjella i Karpatane. Byen har om lag 70 000 innbyggjarar.

I Hunedoara ligg det gotiske Hunyadslottet, som er knytt til Corvin-familien. Slottet var opphavleg ein liten kongeleg residens som vart gjeve til Vajk (rumnensk: Voicu) av Sigismund av Det tysk-romerske riket i 1409. Sonen til Vajk, Johannes de Hunyad, bygde ut slottet til ein gotisk residens i 1446.

I tillegg til den rumenske folkesetnaden er det òg ein del etniske ungarar og tyskarar i Hunedoara.

Byen hadde tidlegare det nest største stålverket i Romania, men dette er no nedlagt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder i tekst[endre | endre wikiteksten]