Diana Krall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diana Krall
Diana Krall 08.jpg
Fødd16. november 1964
FødestadNanaimo
FødenamnDiana Jean Krall
OpphavCanada
Aktiv1993–
SjangerJazz, tradisjonell pop, bossa nova
InstrumentVokal, piano
Stemmetypealt
Tilknytte artistarJohn Clayton, Jeff Hamilton, Tony Bennett, Elvis Costello
PlateselskapJustin Time (1993)
GRP (1995)
Impulse (1995–2001)
Verve (2002–present)
Verka somSongar, pianist, låtskrivar
Gift medElvis Costello
Prisaroffiser av Order av Kanada, Canada’s Walk of Fame

Diana Jean Krall (fødd 16. november 1964) er ein canadisk pianist, songar (kontraalt) og låtskrivar som har verka innan jazz og pop.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Diana Krall blei født i NanaimoVancouver-øya i British Columbia i ein musikalsk familie. Ho byrja spela piano då ho var fire, og høyrde mellom anna på faren sine jazzplater frå barndommen av. Som femtenåring byrja Krall å spela jazz på ein restaurant i heimbyen. Her blei ho høyrd av den vidgjetne jazzmusikaren Ray Brown, som blei ein støttespelar for henne og oppmuntra henne til å prøva seg som musikar i USA.[2]

Krall vann eit stipend til å studera ved Berklee College of Music i Boston. Ho vidareutvikla musikkstilen sin og byrja leggja vekt på song i tillegg til pianospel med Ray Brown, jazzsongaren Jimmy Rowles og trommeslagaren Jeff Hamilton som mentorar og musikalske samarbeidspartnerar.[3] Ho turnerte og verka som underhaldar fleire stader i Nord-Amerika og Europa. I Noreg var ho pianist i nokre veker i 1988 i baren ved hotell Sheraton i Sandvika.[4][5]

Krall gav ut sitt første album i 1993.[6] Ho slo gjennom i 1995, både blant jazz-elskarar og eit vidare publikum.[7]

Mora til Krall, Adella, blei sjuk av myelom og døydde i 2002. Ikkje lenge etter døydde også to av mentorane hennar, Ray Brown og Rosemary Clooney.

Krall gifta seg med den britiske musikaren Elvis Costello den 6. desember 2003.[8] Paret etablerte heimar på Vancouver Island og i New York. Dei fekk tvillingsønene Dexter Henry Lorcan og Frank Harlan James 6. desember 2006.[9]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Diana Krall sitt første album Stepping Out inneheldt jazz-standardar og kom ut i 1993. Krall spelte det inn saman med John Clayton og Jeff Hamilton, som ho hadde opptredd mykje med i Boston og New York. Plata vekte merksemda til produsenten Tommy LiPuma, som produserte det andre albumet hennar Only Trust Your Heart (1995).

Det tredje albumet, All for You: A Dedication to the Nat King Cole Trio (1996) blei Grammy-nominert og låg på jazzlistene til Billboard i sytti veker. Albumet Love Scenes (1997) med den tidlegare trioen i tillegg til Russell Malone på gitar og Christian McBride på kontrabass blei også ein salssuksess.

Orkesterarrangementa til Johnny Mandel bidrog med bakgrunnen til When I Look in Your Eyes (1999). Fleire Grammy-nominasjonar følgde. The Look of Love med orkesterarrangement av Claus Ogerman selde til platina og nådde topp ti på Billboard 200. The Look of Love nådde også første plass på dei canadiske albumlistene og selde fire gonger platina der. Tittelsporet frå albumet nådde ein 22. plass på «the adult contemporary chart».

I august 2000 deltok ho på ein turné til tjue byar saman med songaren Tony Bennett. I september 2001 la Krall sjølv ut på ein verdsturné. Konserten hennar på Paris Olympia blei spelt inn og gjeven ut som hennar første livealbum. Diana Krall - Live in Paris toppa jazzlistene til Billboard og nådde topp 20 på Billboard 200. Det gav Krall hennar andre Grammy-pris (beste vokaljazzplate) og ein Juno-pris. Albumet inkluderer coverversjonar av Billy Joel sin «Just the Way You Are» og Joni Mitchell sin «A Case of You».

Sidan giftarmålet med Elvis Costello har Krall også verka som låtskrivar. Albumet The Girl in the Other Room inneheldt fleire sjølvskrivne songar. Albumet nådde raskt topp 5 i Storbritannia og nådde australske topp 40-albumlister. «Temptation», ein coverversjon av ein Tom Waits-song, nådde nummer éin på World Jazz charts (basert på Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Japan og Kina).

Krall gav ut albumet Quiet Nights i 2009. Same året produserte ho Barbra Streisand-albumet Love Is the Answer.[10] I 2012 var ho med Paul McCartney på ei framføring av almbumet hans Kisses on the Bottom i Capitol Studios som blei send live på Internett. 13. september 2012 framførte ho «Fly Me to the Moon» ved ein minneseremoni for astronauten Neil Armstrong i Washington D.C. I oktober same året gav ho ut Glad Rag Doll.

Wallflower kom ut i februar 2015 som det 12. studioalbumet til Krall.[11] Det var produsert av David Foster.[12] Albumet inneheld coverversjonar av songar av Eagles, Elton John og Bernie Taupin (Sorry Seems to Be the Hardest Word) 10cc (I'm Not in Love), Neil Finn (Don't Dream It's Over) og Gilbert O'Sullivan. Tittelsporet er frå Bob Dylan sin Bootleg Series, og eit anna spor var skrive av Paul McCartney for Kisses on the Bottom men ikkje gjeve ut.[13] I februar 2015 byrja Krall på ein verdsomspennande turné i samband med albumet, The Wallflower World Tour, som varte inn i 2016.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Krall har vunne fleire prisar for albuma sine. Mellom anna kan ein nemna kåringa av When I Look in Your Eyes til Grammyprisen for årets album og Junoprisen for beste vokaljazzalbum i 2000, Live in Paris som fekk Grammyprisen og Junoprisen for beste vokaljazzalbum i 2003 og Junoprisen for beste vokaljazzalbum for The Girl in the Other Room, Christmas Songs og From This Moment On. I 2003 vann ho tre prisar i National Smooth Jazz Awards - årets vokalist, årets kvinnelege artist og årets vokalsong for «The Look of Love». Ho blei kåra til årets internasjonale musikar ved National Jazz Awards i 2004 og til årets kvinnelege vokalist i 2007.

I 2000 blei Krall tildelt Order of British Columbia.[14] I 2003 blei ho gjeven ein æres-Ph.d (Fine Arts) frå University of Victoria i British Columbia.[15] I 2004 blei Krall medlem av Canadas Hall of Fame. I 2005 blei ho gjort til Officer of the Order of Canada.[16]

Krall er æresstyremedlem i Multiple Myelom Research Foundation.[17]

I 2008 blei eit torg i heimbyen Nanaimo, tidlegare Nanaimo Harbourfront Plaza, gjeve namnet Diana Krall Plaza.[18]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Stepping Out (1993)
  • Only Trust Your Heart (1995)
  • All for You: A Dedication to the Nat King Cole Trio (1996)
  • Love Scenes (1997)
  • When I Look in Your Eyes (1999)
  • The Look of Love (2001)
  • The Girl in the Other Room (2004)
  • Christmas Songs (2005)
  • From This Moment On (2006)
  • Quiet Nights (2009)
  • Glad Rag Doll (2012)
  • Wallflower (2015)
DVD-ar

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • 2004: DeLovely Musikkutøvar «Just One of These Things»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Music review: Diana Krall». Barnes & Noble. 18. september 2001. Henta 2. mars 2011. 
  2. Terry Teachout (17. oktober 2016), «A good day’s work», About Last Night  Den ukjende parameteren |notes= vart ignorert (hjelp)
  3. Shaunna Morrison Machosky (17. august 20093), Take Five: A Jazz Sampler (NPR Music) http://www.npr.org/2009/08/17/111962878/oh-canada-jazz-from-the-true-north  Missing or empty |title= (hjelp); |contribution= ignored (hjelp)
  4. Coole musikere av ulike generasjoner, nrk.no 
  5. imdb.com: Biography for Diana Krall
  6. «In Step With: Diana Krall». Parade Magazine. April 25, 2004. 
  7. Ben Ratliff (20. februar 2000), «Jazz Latte», The New York Times Magazine 
  8. Susman, Gary (10 December 2003). «Get Happy Elvis Costello marries Diana Krall. The singers wed in at Elton John's castle in England on Saturday». Entertainment Weekly. Henta 8. mars 2011. 
  9. «Costello and Krall have twin boys». BBC News Online. 9. desember 2006. Henta 30. september 2010. 
  10. Caulfield, Keith (October 17, 2009). «Streisand Leads A Record Eight Debuts In Top 10». Billboard (Nielsen Business Media) 121 (41): 36. ISSN 0006-2510. 
  11. «Diana Krall's ‘Wallflower’: REVIEW». NY Daily News. 
  12. «First Listen: Diana Krall, 'Wallflower'». NPR.org. 25. januar 2015. 
  13. Masley, Ed (17. august 2015). «Interview: Diana Krall on the making of 'Wallflower'». Henta 18. august 2015. 
  14. orderbceditor (15. januar 2009). «2000 Recipient: Diana Krall | Order of BC». Orderofbc.gov.bc.ca. Henta 2. mars 2011. 
  15. «University of Victoria, Victoria, British Columbia, Canada, Media releases». Communications.uvic.ca. 3. november 2003. Henta 2. mars 2011. 
  16. «Canada’s Walk of Fame celebrating Inductee Diana Krall». Canadaswalkoffame.com. 16. november 1964. Henta 2. mars 2011. 
  17. «Honorary Board». Themmrf.org. Henta 2. mars 2011. 
  18. «Nanaimo Harbourfront Plaza Renamed». Henta 2. mai 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]