Didier Cuche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Didier Cuche


Statsborgarskap Sveits
Fødd 16. august 1974 (49 år)
Le Pâquier i Neuchâtel
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 1998 – Super-G menn

Utmerkingar

Årets idrettsutøvar i Sveits

Didier Cuche (fødd 16. august 1974) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Le Pâquier i Neuchâtel. Han vart verdsmeister i super-G i 2009, i tillegg har han tre sølvmedaljar frå tre ulike internasjonale meisterskap. Cuche vart nummer to i verdscupen i alpint i 2011, og vann utforcupen av verdscupen fire gongar (2007, -08, -10 og -11), medan han i 2009 vann storslalåmcupen og i 2011 også super-G-cupen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Cuche slo gjennom i 1998-sesongen, han kom då på åttandeplassen i verdscupen i alpint og vart nummer fire i utforcupen av verdscupen. Kort tid føre vinterolympiaden vann han i Kitzbühel sin fyrste verdscupsiger. Eit høgdepunkt i sesongen fekk også med sølvmedalje i super-G under OL 1998 i Nagano, slått av Hermann Maier og på same tid som Hans Knauß. Dei neste tre sesongane høyrde han med mellom dei beste skialpinistane i verda, men utan å toppe resultatlistene.

I 2002-sesongen vart Cuche nummer tre i verdscupen i alpint, nummer to i super-G-cupen og kom på fjerdeplass i storslalåmcupen. Også 2003-sesongen var ein stor sesong, med tredjeplass i storslalåm- og femte plass i den totale verdscupen.

Cuche var i sine seks siste år som heilt i toppen i verdseliten. I fire sesongar på rad, 2007-10, vart han nummer tre i verdscupen i alpint og i 2011 hadde han berre Ivica Kostelić frå Kroatia føre seg når alle poenga var talde. Utforpokalen i verdscupen fekk han med seg både i 2007, -08, -10 og -11, storslalåmpokalen i 2009, det året han ikkje vann utforpokalen, og super-G-pokalen sikra han seg i 2011.

Cuche tok bronsen i den alpine verdsmeisterskapen i Åre i 2007. To år seinare vann han gull i super-G og sølv i utfor under VM i alpine greiner 2009. I sitt siste verdsmeisterskap, i Garmisch-Partenkirchen i 2011, fekk han sølv i utfor.

Cuche la opp som aktiv skirennar i 2012.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1998: Sølvmedalje i super-G og nr 8 i utfor under vinter-OL i Nagano
  • 1999: Nr 8 i super-G under VM i alpint i Vail
  • 2001: Nr 5 i super-G under VM i alpint i St. Anton
  • 2002: Nr 10 i storslalåm under vinter-OL i Salt Lake City
  • 2003: Nr 4 i utfor under alpin-VM i St. Moritz
  • 2006: Nr 12 i super-G under vinter-OL i Torino
  • 2007: Bronsemedalje i storslalåm, nr 4 i super-G og nr 6 i utfor under alpin-VM i Åre
  • 2009: Gullmedalje i super-G, sølvmedalje i utfor og nr 6 i storslalåm under alpin-VM i Val-d’Isère
  • 2010: Nr 6 i utfor under vinter-OL i Vancouver
  • 2011: Sølvmedalje i utfor og nr 4 i super-G under alpin-VM i Garmisch-Partenkirchen

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Øving
23. januar 1998  Austerrike Kitzbühel Utfor
5. januar 2002  Sveits Adelboden Storslalåm
7. mars 2002  Austerrike Altenmarkt-Zauchensee Super-G
8. desember 2002  USA Beaver Creek Super-G
30. januar 2004  Tyskland Garmisch-Partenkirchen Utfor
10. mars 2007  Noreg Kvitfjell Utfor
14. desember 2007  Italia Gherdëina Super-G
19. januar 2008  Austerrike Kitzbühel Utfor
4. februar 2009  Frankrike Val-d’Isère Super-G
21. februar 2009  Italia Sestriere Storslalåm
28. november 2009  Canada Lake Louise Utfor
22. januar 2010  Austerrike Kitzbühel Super-G
23. januar 2010  Austerrike Kitzbühel Utfor
6. mars 2010  Noreg Kvitfjell Utfor
22. januar 2011  Austerrike Kitzbühel Utfor
29. januar 2011  Frankrike Chamonix Utfor
13. mars 2011  Noreg Kvitfjell Super-G
26. november 2011  Canada Lake Louise Utfor
21. januar 2012  Austerrike Kitzbühel Utfor
28. januar 2012  Tyskland Garmisch-Partenkirchen Utfor
24. februar 2012  Sveits Crans-Montana Super-G

Kjelder[endre | endre wikiteksten]