Dieffenbachia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Dieffenbachia
Colpfl29.jpg
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Alismatales
Familie: Araceae
Underfamilie: Aroideae
Slekt: Dieffenbachia
Schott

Dieffenbachia (norsk prikkblad) er ei planteslekt i myrkonglefamilien. Planta kjem opphavleg frå dei tropiske regnskogane i Sør-Amerika der dei veks på bakken. Den tolererer difor skugge ganske godt. Planta er mykje brukt som stoveplante på grunn av dei store og dekorative blada som ofte har vene mønster av ulik sort, avhengig av variètet. Særleg i 1970-årane var Dieffenbachia ein svært 'trendy' potteplante. Det er særleg to arter som vert brukt som stoveplanter hos oss, den eine er Dieffenbachia maculata, som vert om lag 15-50 cm høy, og Dieffenbachia seguine, som vert større og kraftigare enn den førstnemde, opptil eit par meter høg.

Planta inneheld ein svært irriterande plantesaft, som kan føra til hevelser av slimhinner i munn og svelg, og ein svidande reaksjon dersom den kjem i kontakt med huda. En 5 år gammal gut døydde av denne planten.[1] Ein bør bruka hanskar når ein skal handtera planta.

Planta blomstrar sjeldan, men på eldre planter kjem det av og til ein blome. Blomen minner om blomar til andre planter i familien, men er grøn og tynn. Samanlikna med blada er den ganske uanseleg.

I likskap med Epipremnum pinnatum (gullranke), som òg tilhøyrer myrkonglefamilien, vert det trudd at Dieffenbachia skal ha visse luftrensande eigenskapar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.onlinenytt.com/5-ar-gammel-gutt-dode-planten-na-onsker-faren-a-advare-planten-ta-livet-barn-pa-1-minutt/