Dieter Hoffmann
| Dieter Hoffmann | |
| Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
| Fødd | 27. august 1942 Gdańsk |
| Død | 16. september 2016 (74 år) Luckenwalde |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | athletics at the 1964 Summer Olympics – men's shot put, athletics at the 1968 Summer Olympics – men's shot put |
| Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i bronse |
Dieter Hoffmann (27. august 1942–16. september 2016) var ein tysk friidrettsutøvar, fødd i Danzig. Han deltok i kulestøyt for Aust-Tyskland og vart europameister i øvinga i 1969. Hoffmann var medlem av ASK Berlin og seinare ASK Potsdam. Som aktiv var han 188 cm høg og vog 120 kg.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Hoffmann deltok i 1964 i dei olympiske leikane i Tokyo og vart nummer 12. Året etter representerte han DDR og vart nummer fire i Europacupen. I 1966 kom han på åttandeplassen i EM i Budapest.
Den 3. juli 1968 støytte Hoffmann i Potsdam 20,08 meter, ny europarekord. To veker seinare forbetra han, i Sokolov i dåverande Tsjekkoslovakia, europarekorden med to centimeter. I august vann han i Erfurt sin einaste DDR-meistertittel utandørs. Under sommarleikane i Mexico-byen enda han på fjerdeplassen, ni cm bakom bronsevinnaren.
I 1969 vann Hoffmann gullmedaljen i kulestøyt under europameisterskapen i Aten, framom landslagskameratane Heinz-Joachim Rothenburg og Hans-Peter Gies. Same sesongen forbetra han den personlege rekorden til 20,60 meter. Under europameisterskapen 1971 vart han nummer sju. I 1972 vart han nummer fire i kulestøyt i den aust tysk meisterskapen, og gjekk dermed glipp av dei olympiske leikane i München.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dieter Hoffmann (Leichtathlet)» frå Wikipedia på tysk, den 16. august 2014.