Gulen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°58′50″N 5°4′33″E

Gulen kyrkje
Gulen kyrkje
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland
Sokn Gulen
Fellesråd Gulen
Stad

Foto: Nina Aldin Thune

Type Langkyrkje
Arkitekt Georg Andreas Bull
Material Tre
Innvigd 13. desember 1863
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 700

Gulen kyrkje er ei langkyrkje frå 1863 i Eivindvik i Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

Gulen kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Gulen kyrkje på kart over Sogn og Fjordane
Foto: Nina Alsin Thune

Fram til 1890 heitte kyrkja Eivindvig kyrkje. Staden er ein gammal kyrkjestad, ved kyrkja er det to steinkrossar som er kring tusen år gamle. Dagens kyrkje er den tredje kjende på staden. Den fyrste var ei stavkyrkje som fyrste gong er nemnd i kjeldene i 1327. Stavkyrkja vart erstatta av ei lafta kyrkje på 1500-talet. Denne stod til dagens kyrkje skulle byggjast i 1863.

Gulen kyrkje er soknekyrkje i Gulen sokn i Nordhordland prosti.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]