Diskusjon:Mobiltelefoni

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva er mobiltelefon?[endre wikiteksten]

For dei fleste vil nok ordet mobiltelefon visa til det som blir skildra under mobiltelefonapparat. Artikkelen om korleis det verker er sjølvsagt meir interessant, og eg forstår godt at denne er lagd på mobiltelefon. Men eg synest det blir litt kunstig med dette mobiltelefonapparatet.

Me kan:

  1. slå saman mobiltelefon og mobiltelefonapparat
  2. flytta mobiltelefon til mobiltelefoni og mobiltelefonapparat til mobiltelefon
  3. la det stå.

Synspunkt? -- Ranveig 19. jun 2005 kl. 1313 (UTC)

Ja. Eg prøver alltid å vera medviten på ikkje å kalla eit telefonapparat for ein «telefon». Telefonen er ei oppfinning på line med telegrafen eller fotografiet, og ein seier ikkje «telegraf» om eit telegrafapparat eller «fotograf» om eit fotografiapparat. Difor synest eg det blir feil å bruka ordet «telefon» når eg snakkar om eitt bestemt telefonapparat; eg seier «telefonapparat».
Det same gjeld for «mobiltelefon» / «mobiltelefonapparat», skjønt det siste gjerne vert forkorta til «mobil» av di det er so langt.
Men eg synest absolutt vi bør ha ei omdirigering anten frå mobil til mobiltelefonapparat eller hin vegen.
--Verdlanco\ordskifte 19. jun 2005 kl. 1437 (UTC)

Eg er omlag halvvegs overtydd. Ein seier faktisk «telegraf» om ein telegrafmaskin, på same måte som ein seier «telefon» om eit telefonapparat. Begge deler er til dømes oppført som første tyding i Nynorskordboka. Det er bare slik språket er, ein grip første og beste ordet når det kjem ei ny oppfinning.

På den andre sida kna det kanskje vera lurt å ha ein eigen artikkel om apparatet ein ringjer med. Kanskje me kan ha telefonapparat om alle slike innretningar, frå dei antikke majestetane til dagens millimetermål?

Eg synest likevel mobiltelefonar bør nemnast noko meir tydeleg i artikkelen som heiter mobiltelefon. -- Ranveig 19. jun 2005 kl. 1959 (UTC)

Eg er fullt klar over at dei fleste i den vaksne generasjonen ikkje skil mellom (mobil)telefon (oppfinninga) og telefonapparat/mobil (kvart einskild apparat) i daglegtalen. Bokmåls-wikipedia gjer heller ikkje det. Men dét treng ikkje å hindra Nynorsk wikipedia i å vera meir presis enn daglegtalen til folk flest.
No har eg endra innleiinga so mobiltelefonapparat og mobil båe er nemnde i første avsnitt. Dei som leitar etter ei liste over Nokia-modellar eller historia til formgjevinga av mobilar, og slår opp på mobiltelefon, vil dermed ikkje ha problem med å finna det dei leita etter.
Vart det litt betre sånn? Eller er det framleis for anti-intuitivt?
--Verdlanco\ordskifte 20. jun 2005 kl. 0718 (UTC)
Nå er det mykje betre! Men, ja, eg synest fortsatt «mobiltelefonapparat» er for langt, og dersom me ikkje skal ha ei samla redegjering for alle telefonapparat kan det like gjerne flyttast til mobil. Så får me mindre problem når me skal skriva om oljeverksemda Mobil, òg. Det passar med ein fleirtydingskommentar øvst i artikkelen mobil, men ikkje i mobiltelefonapparat! -- Ranveig 20. jun 2005 kl. 1822 (UTC)
Tek flyttingsforslaget tilbake etter at eg såg fleirtydingssida. Det er så mange mobilar i verda at ho bør få stå. -- Ranveig 20. jun 2005 kl. 1830 (UTC)

Nytt forslag til flytting[endre wikiteksten]

Kan de som har tankar om dette sjå her: Diskusjon:Mobiltelefonapparat? Tykkjer det er litt merkeleg slik namngivinga på artiklane er no. Roger 6. nov. 2005 kl. 00:44 (UTC)