Diskusjon:Myanmar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg meiner me bør flytte denne artikkelen til Burma, og skrive i starten:

  • Burma (offisielt Unionen Myanmar)...

Helsing frå Martin 11. mai 2009 kl. 09:12 (CEST)[svar]

Etter Språkrådet kan me skrive både Myanmar og Burma. Eg saknar imidlertid argument for eit namneskifte på artikkelen. Eit argument mot er at den forma som ligg nærast det offisielle namnet er best. Omdirrigering frå Burma syt for at folk finn artikkelen uansett. --Ekko 11. mai 2009 kl. 09:21 (CEST)[svar]
Jo, men dette er eit vanskelig spørsmål. Landet er styrt av ein militærjunta som har gitt det namnet Myanmar, medan Burma er det tradisjonelle namnet. Norsk presse nyttar Burma, for å ta avstand til militærjuntaen. Dermed blir òg Burma det mest brukte namnet i det offentlige, og dermed det mest naturlige å kalla artikkelen etter mi meining. Helsing frå Martin 11. mai 2009 kl. 10:15 (CEST)[svar]
Betre og skrive ein bolk om dette i artikkelen eller i artikkelen om burmesisk historie, etter mi meining. --Ekko 11. mai 2009 kl. 10:47 (CEST)[svar]
Ja, det bør stå, men det er ikkje problemstillinga her. På bokmålswikien og på engelsk wiki har dei diskutert dette mange gonger. Begge har kome fram til at dei nyttar Burma, av di det er det namnet den siste demokratiske leiinga nytta. Men det er likevel stor strid om spørsmålet. Kva som blir rettast er vanskelig å seie. Helsing frå Martin 11. mai 2009 kl. 11:06 (CEST)[svar]

Eg ser denne vart flytta til Burma og attende til Myanmar, sidan det ikkje har vore ordskifte. Eg ser ikkje flyttinga som kontroversiell. Landet heiter Burma på norsk, og eg sysnt vi skal skrive Burma, sjølv om juntaen føretrekk eit anna namn på landet. --Knut 2. februar 2011 kl. 17:31 (CET)[svar]

Landet heiter òg Myanmar på norsk. Om ein skal ha eit anna namn enn det som er det offisielle, lyt ein ha gode grunnar. Njardarlogar 2. februar 2011 kl. 17:44 (CET)[svar]

eg syns me skal skrive burma til overskrift. slik den første komentaren! men det heter ikkje Unionen Myanmar, men BARE Myanmar. MVH TVNorge 17. september 2010 kl. 18:18 (CEST)[svar]

Sensur av media (i Myanmar). Framlegg om å heve artikkelen[endre wikiteksten]

Eg kan ikkje se at artikkelen skriv om det.
Forslag til nettsøk: "press freedom myanmar wiki".

Media skreiv i dag [1] om ein vinnar av Pulitzer-prisen, som har juridiske problemer i landet.
Korleis skal artikkelen heves/ hevast? 178.232.229.61 23. april 2019 kl. 07:37 (CEST)[svar]
Presse-fridom: 2 jounalistar frå Reuters-byrået satt (til 2019), i fengsel i mere enn 500 dagar - etter å ha meldt om massakrer på Rohingya-folket. [2]. 176.11.19.175 7. mai 2019 kl. 11:34 (CEST)[svar]