Rohingya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rohingya
(ruáingga)
Andre namn: akyab, arakan, rohinja
Klassifisering: indo-europeisk
 indo-iransk
  indo-arisk
   austleg
    bengali–assamesisk
Bruk
Tala i: Burma, Bangladesh
Rohingyatalande i alt: 1,5 millionar (2006)[1]
Språkkodar
ISO 639-3: rhg

Rohingya (ruáingga) er eit språk tala av rundt 1,5 millionar rohingyafolk frå staten Arakan (også Rakhine/Rohang) i Burma (Myanmar).[2][3] Det er nært i slekt med chatgaya som blir tala i den tilstøytande Chittagong-regionen søraust i Bangladesh.[1] Det finst også mange rohingyafolk i Bangladesh, Thailand, Malaysia og andre stader dei har flykta til.

Skrift[endre | endre wikiteksten]

Rohingya kan skrivast med fleire skriftsystem, mellom anna arabisk,[4] urdu, hanifi og burmesisk, og i nyare tid også latinske bokstavar.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Rohingya har i hovudsak dei følgjande 25 konsonantlydane, i tillegg til nokre andre i lånord.

Konsonantar[5]
Bilabial Labio-
dental
Dental/
Alveolar
Retrofleks Palatal Velar Glottal
Plosiv p   b   ʈ   ɖ     ɟ k   ɡ ʔ    
Nasal     m     n     ɲ     ŋ
Frikativ f     s   z ʃ     x     h    
Flap     ɾ     ɽ
Approksimant     w     j
Lateral     l

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Språket har seks enkle vokalar (monoftongar) og fleire diftongar.[4] Ein skil mellom «open o» ([ɔ]) og «lukka o» ([o]) gjennom ulike stavemåtar - høvesvis <o>/<ó> og <ou>/<óu>.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Rohingya ved Ethnologue.com
  2. What is Rohingyalish or Rohingya Language?, RohingyaLanguage.com, henta 11. juni 2012 
  3. Rohingya Language, WorldLanguage.com, henta 11. juni 2012 
  4. 4,0 4,1 Mohammed Siddique Basu. Starting with Rohingyalish. 
  5. Engelsk Wikipedia oppgav rohingyalanguagefoundation.com/language_rules_landscape.html (daud lenkje)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]