Diskusjon:Sovjetunionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kandidatartikkel Kandidatartikkel

Denne artikkelen er ein kandidat til å verta ein god artikkel på Nynorsk Wikipedia.

Du kan delta i diskusjonen om han oppfyller krava og røysta nedanfor.

Sovjetunionen[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Omsett frå ein utmerka artikkel på bokmål. Etter ei skumlesing ser det bra ut. Martin 8. januar 2011 kl. 23:29 (CET)

Innvendingar
Artikkelen er informativ og godt skriven og har ikkje noko stor politisk slagsida verken eine eller andre vegen. Men han treng noko meir arbeid og gjennomgang. Eg har gått gjennom mesteparten av artikkelen og har nokre innvendingar. Det som må på plass før eg vil røysta for artikkelen er kjeldene (stor jobb!) og viktige bakgrunnsartiklar.
Eg synest at nokon bør sjå på kjeldegrunnlaget og få inn meir av kjelder og referansar. Under «Bakgrunnsstoff» står det ei lang lista med bøker og verk som sannsynlegvis er dei reelle kjeldene til denne artikkelen, og burde i så fall stå under «Kjelder». Wikipedia på bokmål har heller ikkje oppgjeve fleire kjeldert, bortsett frå referansar i teksten. Me har ingen referansar for eit einaste ord av det som står i innleiinga. Og kjelder treng me, både fordi mange fakta om Sovjetunionen kan vera kontroversielle og fordi faktaopplysningar generelt må kunna etterprøvast. Eg har alt retta ei galen /upresis faktaopplysning i innleiinga. Historie-bolken er det så vidt eg kan sjå ingen kjeldetilvisingar for, og det finnest mange opplysningar der som er nøydde til å ha konkrete referansar. Og når det gjeld det emnet finnest det flust av gode kjelder ein kan visa til.
«alle aspekt av det økonomiske livet vart styrt sentralt frå hovudstaden Moskva» er ei setning som sannsynlegvis er feil, men som me ikkje kan retta fordi me ikkje veit kor påstanden kjem frå og kva dei autoritative kjeldene eigentleg seier.
Under Emigrasjon: «antisionistiske kampanjar frå styresmaktene, på grensa til å vere antijødiske» er både unøytralt og upresist. Wikipedia kan ikkje forklara og har ikkje forklart kor grensa for å vera antijødisk går.
Under Politikk: «Partiet såg på seg sjølv seg som marxist-leninistisk (...)» Omgrepet marxismen-leninismen vart først brukt då Stalin overtok makta, og denne setninga må skrivast om dersom ho skal vera rett. Politikk-seksjonen bør skrivast på nytt. Det står til dømes ingenting om sovjeta, som var meint å vera det politiske fundamentet for samveldet, og som staten hadde namn etter.
Under Økonomi: «sentralstyrt økonomi – såkalla planøkonomi» - Planøkonomi er ikkje i seg sjølv verken meir eller mindre sentralstyrt enn marknadsøkonomi. Skilnaden er at planøkonomi er planstyrt, medan marknadsøkonomi er marknadsstyrt. Det er andre mekanismar som avgjer om økonomien er styrt lokalt eller nasjonalt.
Under Utdanningssystem: «Læreplanane i skulen var styrde frå sentralt hald» - Ikkje kontroversielt i det heile. Men er det noko å fortelja om? Gjeld ikkje dette alle land som har eit utdanningssystem?
Me treng fleire bakgrunnsartiklar. Det vert vist til utdjupande artiklar som ikkje finst og som neppe vert utdjupande på ei god stund, under mange av avsnitt-overskriftene. I tillegg bør forløparen Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken ha i det minste ein kort artikkel. --Tannkrem 12. januar 2011 kl. 14:26 (CET)
Hei Tannkrem, jeg kommer med noen kommentarer her siden jeg er hovedbidragsyter (ca. 80 % tenker jeg) på bokmålswikipedia:
  • Bøkene under «Bakgrunnsstoff» er ikke brukt som kilder til artikkelen, de ble faktisk lagt til etter at artikkelen var ferdigskrevet. Generelt om fotnotebruk/referanser: Jeg synes ikke 51 fotnoter i en artikkel på 120kB er ekstremt lite, selv om det er noe mindre enn hva jeg vanligvis legger meg på. Hvis det er spesielle opplysninger du lurer på hvor kommer fra er det god mulighet til at jeg kan finne frem til kilden, dersom det er i de delene av artikkelen jeg stod bak. Akkurat avsnittet om «Historie» var delvis der fra før jeg begynte å skrive, og er delvis hentet fra engelsk Wikipedia. I de oversatte delene har ikke tatt med referansene oppgitt på en.wiki, ut i fra prinsippet om å ikke oppgi referanser en ikke selv har lest og verifisert. (Hvor lurt sistnevnte er kan jo forsåvidt diskuteres, men selv føler jeg det gir en falsk trygghet å oppgi referanser man ikke har sett selv. Ingen referanse er bedre en en feilaktig referanse.)
  • Utdanning: Det er vel ingen selvfølge at læreplanene kommer fra sentralt hold? For eksempel i USA bestemmes disse på delstats- eller til og med på fylkesnivå. Jeg vet ikke helt hva som er den vanligste modellen rundt om i verden, men vi bør ikke automatisk anta at det vanlige er styring fra sentralt hold.
  • Til de andre punktene dine er jeg i det store og hele enig, og håper du kan rette opp det du synes er problematisk. Da skal jeg i såfall ta endringene over til bokmålswiki igjen (det er dette som er så fint med wiki-modellen Smiley4.png). Hilsen --Kjetil_r 16. januar 2011 kl. 17:01 (CET)
Når det gjeld kjelder så er litt av poenget nett dette at dei som har omsett artikkelen til nynorsk kanskje ikkje har lese kjeldene du har brukt. Ved eit tidlegare høve vart det oppdaga masse faktafeil i ein kandidatartikkel, etter gjentekne omsetjingar frå språk til språk (utan at det dermed er sagt at eg trur denne artikkelen har faktafeil). Dei fleste opplysningar er jo relativt ukontroversielle og treng ikkje eigen referanse, men det er ein fordel om ein leksikonlesar kan dobbeltsjekka informasjonen med eitt eller anna autoritativt verk ved behov. Dei andre innvendingane mine treng me, som du seier, berre litt godt gamaldags arbeid for å retta opp. Men det spørs om eg har tid med det første. --Tannkrem 17. januar 2011 kl. 10:32 (CET)

Røysting[endre wikiteksten]

  • For For Omfattande og solid. --Egil Arne 9. januar 2011 kl. 01:32 (CET)
  • For For -- Trondtr 9. januar 2011 kl. 10:35 (CET).
  • Imot Imot, iallfall inntil nasjonalsongen «Hymne til Sovjetunionen» får eigen artikkel. Eg går gjennom artikkelen no for å finna ut om eg elles er nøgd med artikkelen. --Tannkrem 12. januar 2011 kl. 09:59 (CET)

Debatt om artikkelen om Sovjetunionen[endre wikiteksten]

POV eller NPOV?[endre wikiteksten]

POV står for engelsk «Point Of View» og er bruka for ein skrivestil med mykje «synsing» utan kjeldegrunnlag og drøfting av motsynspunkt. NPOV står tilsvarande for «Neutral Point Of View», og står for ein skrivestil der ein vurderer ulike faktorar ut frå ulike ståstader og ender opp med ei nokolunde balansert skildring. Dette treng ikkje (og bør ikkje) tyde at skildringa er heilt utan etiske vurderingar. Men det lyt altså gå tydeleg fram korleis ein kjem fram til konklusjonane (med god kjeldebruk), kva andre konklusjonar som kan dragast om ein har eit anna utgangspunkt for vurderingane — og kva som er det vanlege synspunktet. Når det er skilnader mellom desse, bør desse skilnadene gjerast godt greie for. -- Olve 18:43, 24 Sep 2004 (UTC)

Sjå òg Talk:Karl_Marx. BjarteSorensen 23:09, 24 Sep 2004 (UTC)

POV tekst[endre wikiteksten]

Dette vart fjerna frå artikkelen fordi det er for POV:

Sovjetunionen bestod til 1991, da den russiske delrepublikk-presidenten Boris Jeltsin kuppa den all-sovjetiske presidenten Mikhail Gorbatsjov frå makta etter å ha vore med på å redde han frå husarresten han blei halden i av gammalkommunistiske kuppmakarar, ved rett og slett å syte for at staten Gorbatsjov leidde, blei borte.
Sovjetunionen var heilt til Gorbatsjov blei parti- og statssjef i 1985 ein eittpartistat. Gorbatsjov var i ferd med å opne systemet for fleire aktørar under slagorda glasnost (openheit) og perestrojka (omdanning), da det blei meir og meir tydeleg at han fall mellom to stolar. Mellom dei som ikkje ville ha noka endring i det heile og dei som såg sitt snitt til å grafse til seg makt og rikdom og tene på oppløysinga av staten, som Jeltsin og oligarkane, som tilrana seg statseigedom i store mengder på korrupt vis. Denne oppløysingsprosessen blei støtta av Vesten på ymse vis, og førte til ein sosial og demografisk katastrofe - produksjonslivet blei nær på heilt øydelagt, den sosiale tryggheita forsvann, store delar av folket sokk ned i djupaste armod, den gjennomsnittlege levealderen for menn gjekk ned med fleire år. Rest-Russland og fleire av dei tidlegare del-republikkane i Sovjetunionen blei avindustrialiserte uland igjen.
Under den noverande presidenten i den Russiske Føderasjonen, Vladimir Putin, er den sosiale situasjonen stabilisert, men ikkje vesentleg betra. Det politiske systemet viser stadig klarare autoritære trekk.
Kapitalismen har ikkje vore nokon suksess i Russland, verken Jeltsins korrupte eller Putins meir autoritære variant.
Ei rekkje meiningsmålingar viser at eit fleirtal av russarane meiner dei hadde det betre i sovjet-tida, iallfall etter Stalin.

[slutt POV tekst] Lagt til av Dittaeva 08:09, 29 Sep 2004 (UTC)

Debatt om denne artikkelen[endre wikiteksten]

Her kan du skrive innlegg om kva du tykkjer bør stå i denne artikkelen, og kvifor. Hugs: Ver sakleg!! Om du ikkje har brukarnamn, så trykk på linken i øvste høgre hjørnet og skriv deg på! Det er enklare for alle om vi veit litt om kven som er med på diskusjonen! -- Olve 18:43, 24 Sep 2004 (UTC)

Tvilsame påstandar utan oppgitt kjelde[endre wikiteksten]

Det som er omsett frå bokmålsartikkelen er ikkje alltid heilt sakleg og NPOV. Det gjeld mellom anna verknadene av tvangskollektiviseringa. Verken det oppgitte talet på døde under hungersnauda (7-10 millionar) eller kva Stalin tenkte kan reknast som historiske fakta. Her er det som står i den engelskspråklege artikkelen:
in agriculture collective farms were established all over the country. It met widespread resistance from kulaks and some prosperous peasants, who withheld grain, resulting in a bitter struggle between the kulaks against the authorities and poor peasants. Famines occurred causing millions of deaths and surviving kulaks were politically persecuted and many sent to Gulags to do forced labour. A wide range of death tolls has been suggested, from as many as 60 million kulaks being killed suggested by Aleksandr Solzhenitsyn to as few as 700 thousand - by Soviet news sources.[7]
Eg foreslår at vi tek inn ei nedkorta omsetjing av dette avsnittet i staden for det som står i artikkelen om dette no. --Erling 28. september 2008 kl. 16:33 (CEST)
Forslag til nedkorta omsetjing frå engelsk: I jordbruket vart kollektivbruk etablert over heile landet. Det møtte mykje motstand frå såkalla kulakar, relativt velståande bønder, som heldt tilbake korn. Dette førte til ein bitter strid mellom kulakane på den eine sida og styresmaktene og fattigbønder på den andre. Det oppstod ei hungersnaud som truleg førte til millionar av dødsfall, og mange kulakar vart sende til tvangsarbeidsleirane i Gulag. Overslaga over kor mange som døydde varierer mykje. --Erling 28. september 2008 kl. 16:57 (CEST)
Eg sette ikkje heile avsnittet ovanfor inn i artikkelen, da mykje av innhaldet var dekt frå før. Endringa er derfor lita, berre ei formulering som tar høgde for at talet på dødsoffer i hungersnauda ikkje er avklara og mykje omstridd. Eg har òg gått gjennom resten av artikkelen og fiksa lenkjer, retta småfeil, osv. Håpar han som har gjort storarbeidet med omsetjinga ikkje har noko imot det :-) --Erling 28. september 2008 kl. 20:13 (CEST)