Dmitrij Sjostakovitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dmitrij Sjostakovitsj
Dmitri Shostakovich credit Deutsche Fotothek adjusted.jpg
Fødenamn Дмитрий Дмитриевич Шостакович
Fødd 12. september 1906
St. Petersburg
Død

9. august 1975
Moskva

Instrument

piano

Sjanger opera, symfoni, Kammermusikk, klassisk musikk
Yrke komponist, koreograf, pianist, politikar, jazzmusikar, universitetslærar, skribent, librettist

Dmitrij Dmitrijevitsj Sjostakovitsj (25. september 19069. august 1975) var ein sovjetrussisk komponist og pianist. Ved sida av 15 symfoniar, instrumentalkonsertar, sceneverk og filmmusikk skreiv han 15 strykekvartettar som høyrer til hovudverka innan kammermusikken.

Ved sida av Igor Stravinskij og Sergej Prokofjev blir Sjostakovitsj rekna som den viktigaste russiske komponisten på 1900-talet. Han var svært produktiv og allsidig. Samstundes som han skreiv hyllingshymne for regimet til Josef Stalin heldt han distanse til det stalinistiske systemet. Vekeavisa Moskowskije Nowosti skreiv at «for å oppleve historia til landet vårt mellom 1930 og 1970 er det tilstrekkeleg å lytte til Sjostakovitsj sine symfoniar.» Cellisten Mstislav Rostropovitsj såg på symfoniane hans som «Russland si hemmelege historie» og Gottfried Blumenstein beteikna verka hans som «eit apokalyptisk soundtrack til 1900-talet.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dmitri Dmitrijewitsch Schostakowitsch