Dokumentasjonsprosjektet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dokumentasjonsprosjektet er eit samarbeidstiltak mellom dei humanistiske miljøa ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Trondheim og Universitetet i Tromsø med sikte på ta i bruk moderne datateknikk for å gje tilgang til samlingar over språk og kultur i Noreg. Prosjektet vart gjennomført frå 1992 til 1997. Universitetet i Oslo har sidan hatt ansvaret drift og vidareutvikling av databasane.

Informasjon som har lege spreidd i ulike arkiv og samlingar—i manuskript, katalogar, hefte, bøker eller på arkivkort—er konvertert til elektronisk form. Konverteringsarbeidet vart gjort mogleg ved at universiteta engasjerte seg i ulike sysselsettingstiltak.

Gjennom dokumentasjonsprosjektet har publikum fått tilgang til samlingar innan områda arkeologi, etnografi, folkloristikk, historie, mellomalderhistorie, leksikografi, litteratur, myntar/numismatikk og stadnamn.

«Mannen han kjøyrde ti baitaskogs,
-Fali tu-
daa fekk han høyre ko kraaka gol.
-Fali tu lai, tu lai ta ritam.-»

Første verset av ein av 131 variantar av Kråkevisa i balladesamlinga,
Oppskrift 1908 av Rikard Berge etter Ivar Myregarden, Ål, Buskerud

Døme på samlingar innan desse hovudområda kan vere arkeologiske hovudkatalogar, Just Qvigstad sine brev, balladetekstar, tingbøker, Diplomatarium Norvegicum, Norsk Ordbok, tekstar av 28 norske forfattarar, utstillinga Norsk mynt i 100 år og Ryghs Norske Gaardnavne.

I samarbeidsprosjekt med Stiftinga Nynorsk kultursentrum (tidlegare Ivar Aasen-stiftinga) presenterer Dokumentasjonsprosjektet nettportalen«Nynorsk på nettet», ei eiga nettside for nynorsk og nynorskmaterialet til Dokumentasjonsprosjektet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]