Via ferrata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Via ferrata (Hermann von Barth-vegen) opp Partenkirchner Dreitorspitze (Tyskland/Austerrike)
Via ferrata Piz de Lech

Ein via ferrata (italiensk for «jarnveg») eller klettersteig (tysk for «klatresti») er ein fjellveg som er utstyrt med faste kablar, steg, stegar og bruer. Desse knyt saman ruter som elles ville ha vore isolerte for fjellklatrarar med forskjellig erfaring. Fjellfolk og fjellklatrarar kan følgje via ferrataer utan å måtte nytte eigne tau og sikringar, og utan den same risikoen ein har ved klyving og fjellklatring. Ein finn rutene i mange land i Europa, som i Italia, Tyskland, England, Skottland, Wales, Frankrike, Austerrike, Slovenia, Romania, Sveits, Spania, Sverige, Noreg og nokre få stader i USA, Canada, Iran, Malaysia og Singapore. Den første via ferraten vart bygd Dolomittane i Italia under den første verdskrigen for å hjelpe italienske fjellinfanteristar. Den høgaste via ferrataen i verda er 3800 meter ved Mount Kinabalu i staten Sabah i Malaysia.

Ruter i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Via ferrata, eller klatresti med wire, er ein relativt ung aktivitet i Norge, og det er først dei seinare åra bygd ut ruter i Hemsedal, Lom og Odda.

Hemsedal[endre | endre wikiteksten]

Ruta startar nede i dalen ved Skarsnuten og går opp til toppen av Røggjin på 1260 moh.

Lom[endre | endre wikiteksten]

Ruta startar på 380 moh ved Nissegarden rett utanfor Lom sentrum, og ender opp på Eggjapiken på Lomseggi på 1524 moh. Dette er den ruta i Noreg som har størst høgdeskilnad og når det høgaste toppunktet.

Odda[endre | endre wikiteksten]

Ruta startar i vasskanten av Hardangerfjorden og går opp til Trolltunga på 604 moh.

Leksvik[endre | endre wikiteksten]

Den ruta ligg i Vanvikan tvers over Trondheimsfjorden for Trondheim. Ruta starta ved Fv. 755 nede ved fjorden, og går opp på fjellet Munken, 518 moh. Dette skal vere den lengste klatrestien i Nord-Europa med ei lengd lengde på 950 m.

I dei fleste tilfelle kan ein velje om ein vil gå heile eller delar av ruta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]