Hopp til innhald

Dominik Baldauf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dominik Baldauf


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 23. april 1992 (32 år)
Bregenz
Idrett langrenn
Tok del i Ski-VM 2015, Ski-VM 2017, Vinter-OL 2018

Dominik Baldauf (fødd 23. april 1992) er ein austerriksk langrennløpar.

Baldauf vart austerriksk juniormeister på sprint i 2009, og han kom på 5.-plass i Alpencup dette året. Ved European Youth Olympic Festival 2009 kom han på 18.-plass på sprinten.

Ved junior-VM 2010 kom han på 58.-plass på 10 km klassisk. Året etter kom han på 12.-plass på sprinten og 39.-plass på 10 km fri teknikk ved junior-VM 2011. I tillegg deltok han på det auøsterrikske laget som kom på 6.-plass på stafetten.

Han deltok igjen ved junior-VM 2012, der han kom på 41.-plass på skiathlon og 23.-plass på sprinten. Han fullførte ikkje 10 km klassisk. På stafetten kom Austerrike på 14.-plass.

I 2013 deltok han ved U23-VM på ski i Liberec, der han kom på 27.-plass på sprinten og 51.-plass på skiathlon. Ved U23-VM 2014 i Val di Fiemme kom han på 45.-plass på sprinten, 40.-plass på 15 km klassisk og 26.-plass på skiathlon.

Baldauf deltok ved Ski-VM 2015 i Falun, der han fekk 24. beste tid i prologen, men kom på 4.-plass i sin kvartfinale, og vart slått ut. Han enda dermed på 19.-plass på sprinten.[1]

Under VM 2019 i Seefeld vart Baldauf pågripen, mistenkt for doping. Austerriksk politi stadfesta at Baldauf, lagkameraten Max Hauke og kasakhstanske Aleksej Poltoranin hadde erkjent bloddoping.

  1. FIS - Men 1.4 km Sprint Classic Finals[1], vitja 20. februar 2015.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]