Don Thompson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Don Thompson i midten, på sigerspallen etter OL-triumfen i Roma 1960

Don Thompson, fullt namn Donald James Thompson, (20. januar 19333. oktober 2006) var ein britisk kappgjengar som vart olympisk meister på 50-kilometeren i Roma i 1960. Han tok også bronsemedaljen på same distansen i EM i 1962.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Thompson gjorde sin internasjonale meisterskapsdebut i Sommar-OL 1956 i Melbourne. Han heldt der fylgje med tetgruppa i 45 kilometer, til dess han kollapsa grunna sterk varme og braut. Etter ein femteplass i Friidretts-EM 1958 i Stockholm, byrja han på eit treningsopplegg som skulle gjere at han kunne tole varmen i Roma. «Det eneste stedet i hans nærområde som kunne skape varmt og fuktig nok klima var det lille badet til sine foreldre. Han skrudde varmen på fullt og trente knebøy og løp på stedet hvil i en halvtime om gangen.»[1] Under sommarleikane i 1960 fekk han att for treningsopplegget då han vann 50-kilometeren, med favorittane John Ljunggren frå Sverige og Abdon Pamich frå Italia på dei andre medaljeplassane. Thompson var den eine av to britiske OL-vinnarar i Roma og vart kåra til Årets idrettsutøvar i Storbritannia av det britiske sportsjournalistforbundet.

Ved europameisterskapen i Beograd hausten 1962 gjekk Thompson inn til bronse. Han var over 10 minuttar bakom vinnaren Abdon Pamich, også langt bak sølvmedaljøren frå Sovjetunionen. Thompson deltok også i Sommar-OL i Tokyo i 1964, og i Friidretts-EM 19966 i Budapest, begge gongane utan å nå opp i medaljestriden.

Thompson tevla i nasjonal og internasjonale kappgang gjennom 1970- og 1980-åra. Han deltok internasjonalt siste gongen i 1991, 58 år gammal.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]