Donovan Bailey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donovan Bailey


Statsborgarskap Canada
Fødd 16. desember 1967 (56 år)
Manchester Parish
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 1994, Friidrett under Sommer-OL 1996 – 100 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 1996 – 4 × 100 meter stafett menn

Utmerkingar

Canada’s Walk of Fame, Canada's Sports Hall of Fame, Ontario Sports Hall of Fame, Canadian Newsmaker of the Year, Northern Star Award, Lionel Conacher Award, offiser av Order of Canada

Donovan Bailey (fødd 16. desember 1967) er ein jamaikansk-kanadisk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Manchester på Jamaica, som tevla i sprint. Han representerte Canada då han vart verdsmeister og olympisk meister på 100 meter i 1995 og 1996, og dessutan tok gull i 4 x 100 m stafett i dei same to meisterskapane og i VM 1997. Personleg rekord på 100 meter er 9,84 sekundar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Familien utvandra til Canada då han var 13 år gammal. Etter å spelt basketball byrja han å tevle i friidrett i 1991. I 1994 sprang han på det kanadiske laget som vart nummer to i 4 x 100 meter stafett då samveldeleikane fann stad i Victoria i Australia.

Gjennom 1995-sesongen etablerte Bailey seg i verdstoppen på 100 meter. Likevel var det noko overraskande at han vann gullmedaljen på distansen under friidretts-VM i Göteborg 1995, der han fekk med seg landsmannen Bruny Surin til kanadisk dobbeltsiger. På den siste dagen i meisterskapen vann dei to karane gull på 4 x 100 meter stafett, saman med Robert Esmie og Glenroy Gilbert.

Bailey gjentok dobbelttriumfen under sommarleikane 1996 i Atlanta, då han også sette verdsrekord på 100-meteren med tida 9,84 sekundar. Frankie Fredericks tok sølvet med 9,89 og Ato Boldon bronsen på 9,90. I 4 x 100 m stafett sprang Bailey og dei tre andre stafettvinnarane frå Göteborg inn til klar siger etter 37,69 sekundar, USA vart nummer to med 38,05.

Bailey vann sitt tredje VM-gull med Canadas stafettlag i 1997, laget var det same tok VM-gull 1995 og OL-gull 1996, no med Nigeria kom på andreplassen. Tidlegare i verdsmeisterskapen i Aten fekk Bailey sølvmedaljen på 100 meter etter Maurice Greene, Greene fekk notert 9,86 mot Baileys 9,91.

Etter 1997-sesongen heldt ikkje Bailey same nivået som før, og han la bort sprintskorne i i 2001.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1995 i Göteborg: Gullmedaljar på 100 m – 9,97, og 4 x 100 m stafett (38,31)
  • OL 1996 i Atlanta: Gullmedaljar på 100 m – 9 ,84, og 4 x 100 m stafett (37,86)
  • VM 1997 i Aten: Sølv på 100 m – 9,91, og gull i 4 x 100 m stafett
  • VM 1999 i Sevilla: Utslått i forsøket på 4 x 100 m stafett
  • OL 2000 i Sydney: Utslått i kvartfinalane på 100 m (nr 40 – 11,36)
  • VM 2001 i Edmonton: Utslått i semifinalane på 100 m (nr 12 – 10,33)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]