Manchester Parish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manchester
fylke
Mile Gully Mountain, Manchester.jpg
Land Flag of Jamaica.svg Jamaica
Region Middlesex
Hovudstad Mandeville
Areal 830 km²
Folketal 190 812 (2012[1])
Manchester in Jamaica.svg

Manchester Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg sør på øya. Det grensar til Clarendon Parish i aust, Trelawny i nord og Saint Elizabeth i vest. I sør har det kyst mot Det karibiske havet.

Administrasjonssenteret i fylket er byen Mandeville, den einaste fylkeshovudstaden som ikkje ligg ved kysten eller ei større elv. Andre større busetnader er Christiana, Porus og Williamsfield.

Fylket er fjellendt, og Mandeville på 626 moh. har historisk vore rekna som ein helsebringande stad å vitja. Til forskjell frå andre jordbruksområde i landet blir det ikkje driven storstilt sukkerproduksjon her, men ein dyker avlingar som banan, potet, ingefær, pimento, kaffi og sitrusfrukter. Manchester er særleg kjend for appelsiner og ortanique, sistnemnde er ei kryssing mellom appelsin og tangerin (mandarin).[2]

Kjende folk frå Manchester[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Population by Parish». Statistical Institute of Jamaica. Henta 16. september 2015. 
  2. «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 10. mai 2018.