Frankie Fredericks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frankie Fredericks


Statsborgarskap Namibia
Fødd 2. oktober 1967 (56 år)
Windhoek
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 1994

Frankie Fredericks (fødd 2. oktober 1967) er ein namibisk tidlegare friidrettsutøvar frå Windhoek. Sprintaren var i over ti år ein av verdas beste og vart verdsmeister på 200 meter i 1993 og vann elles sju sølvmedaljar på 100 og 200 m, fire av dei i olympiske leikar og tre i verdsmeisterskap. Hans personlege rekordar er 9,86 sekundar på 100 m og 19,68 sekundar på 200, begge oppnådd i 1996.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fredericks flytta til USA då han i 1987 fekk studiestipend ved Brigham Young University, og med hjelp frå flinke trenarar tok han steget opp i verdseliten på sprintdistansane. Etter Namibia vart sjølvstendig i 1990 kunne han også delta i dei store internasjonale meisterskapane. Ved Friidretts-VM 1991 i Tokyo vann han sølvmedaljen på 200 meter og vart femtemann på 100 meter. I sin OL-debut i Barcelona i 1992 tok han sølv både på 100 og 200 meter, slått av briten Linford Christie på den kortaste og Michael Marsh frå USA på den doble distansen.

I verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart vann Fredericks gullmedaljen på 200 meter på tida 19,85, og slo dei andre medaljevinnarane, briten John Regis og Carl Lewis frå USA, med ni og fjorten hundredels sekund. Året etter vann han same distansen under samveldeleikane i Victoria i Australia, medan han i VM 1995 vart andremann på distansen, men over tre tidels sekund bak den suverene vinnaren, Michael Johnson frå USA.

Tidleg i juli i OL-sesongen 1996 sprang Fredericks sitt livs snøggaste 100 meter då han i Lausanne vart klokka inn til 9,86 sekundar. Under Sommar-OL i Atlanta vel tre veker etter passerte han målsteken på tida 9,89, men måtte sjå at gullmedaljen gjekk til Donovan Bailey frå Canada som med sine 9,84 sekundar sette verdsrekord. Også på 200 m vann Fredericks sølvmedaljen, trass i at han fekk tida 19,68 og sprang fortare enn den gamle verdsrekorden kom han likevel i skuggen av Michael Johnson som storma inn til fabelaktige 19,32.

Fredericks sikra seg sitt tredje VM-sølv på 200 m då meisterskapen vart avvikla i Aten i 1997, nokre dagar etter at VM-bronse på 100 m glapp med ein margin på 0,01 sekund. Både i VM 1999, VM 2003 og OL 2004 kvalifiserte Fredericks seg til finale på 200 meter, men utan å makte vinne ein medalje. Ved Sommar-OL 2004 i Aten var han, nær 37 år gammal, den eldste finaledeltakaren nokon sinn i ei sprintøving. Han vart då fjerdemann på 200 meter.

Omframt dei åtte medaljane frå VM i friidrett og Sommar-OL, vann Fredericks to gullmedaljar i Afrika-leikane og like mange i samveldeleikane, han triumferte også tre gongar i afrikameisterskapen og sigra i ei tevling i innandørs-VM. Då han la opp i 2004, hadde han 27 gongar fullført ein 100 meter på under 10,0.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje på 200 m – 20,34, nr 5 på 100 m – 9,95
  • OL 1992 i Barcelona: Sølvmedalje på 100 m – 10,02, og på 200 m – 20,13
  • VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje på 200 m – 19,85, nr 6 på 100 m – 10,03
  • VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje på 200 m – 20,12, nr 4 på 100 – 10,07
  • OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje på 100 m – 9,89, og på 200 m – 19,68
  • VM 1997 i Aten: Sølvmedalje på 200 m – 20,23, nr 4 på 100 m – 9,95
  • VM 1999 i Sevilla: Nr 8 på 200 m (braut finalen), utslått i semifinalane på 100 m (=nr 14)
  • VM 2003 i Paris: Nr 7 på 200 m – 20,47
  • OL 2004 i Aten: Nr 4 på 200 m – 20,14, utslått i kvartfinalane på 100 m (10,17 =nr 17)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]