Dorothea Wierer
Dorothea Wierer | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 3. april 1990 (35 år) Bruneck |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Mixed stafett, Skiskyting under Vinter-OL 2018, VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner |
Utmerkingar | Gullkraven for sportslig fortjenste |
Dorothea Wierer (fødd 3. april 1990) er ein italiensk skiskyttar frå Rasen-Antholz i Sør-Tirol. Ho vann verdscupen i skiskyting 2019 og vart verdsmeister i 12,5 km fellesstart under VM i skiskyting 2019 i Östersund. Åra 2013-19 sanka ho også to VM-sølv, tre VM-bronsar og to OL-bronsar, fordelt på ulike individuelle øvingar og stafett-tevlingar.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Wierer gjekk startetappen for Italias lag som tok bronse i kvinne-stafetten under VM i skiskyting 2013 i Nové Město, to år seinare var ho ankerkvinne då dei italienske kvinnene vann ein ny stafett-bronse ved VM 2015 i Kontiolahti. I mellomtida hadde ho vunne endå ein bronsemedalje, då ho under Vinter-OL 2014 i Sotsji tok seg av ein etappe for Italias mannskap på mixstafetten. Individuelt i Sotsji vart ho som best nummer 6 i 7,5 km sprint. Under VM i skiskyting 2016 i Oslo sikra Wierer seg sølvmedaljen på jaktstarten. Wierer og Italia vann bronsen på mixstafetten ved Vinter-OL 2018 i Pyeongchang, nett som i dei forrige vinterleikane. Frå VM i skiskyting 2019 i Östersund reiste Wierer med medaljar i alle tre valørane. Fyrst fekk ho bronse med Italias mannskap i mixstafetten, der etter tok ho og Lukas Hofer sølvmedaljen i parstafetten, slått av Noreg, før ho avslutta meisterskapen med å vinne gullmedaljen på fellesstarten.
Wierer vann sitt fyrste renn i verdscupen i skiskyting då ho gjekk til topps på normaldistansen i Östersund 3. desember 2015. VM-sigeren same stad var hennar sjuande individuelle triumf i verdscupen. Pr 20.3.2019 har ho oppnådd 28 (7-11-10) pallplasseringar i individuelle verdscuptevlingar. Med italienske stafettlag står ho bokført med 17 (4-5-8) pallplassar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dorothea Wierer» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2019.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1990
- Italienske skiskyttarar
- Verdsmeistrar i skiskyting
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2014
- Italienske deltakarar under vinter-OL 2014
- Skiskyttarar under vinter-OL 2014
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2018
- Italienske deltakarar under vinter-OL 2018
- Skiskyttarar under vinter-OL 2018
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2022
- Italienske deltakarar under vinter-OL 2022
- Skiskyttarar under vinter-OL 2022
- Deltakarar under VM i skiskyting 2011
- Deltakarar under VM i skiskyting 2012
- Deltakarar under VM i skiskyting 2013
- Deltakarar under VM i skiskyting 2015
- Deltakarar under VM i skiskyting 2016
- Deltakarar under VM i skiskyting 2017
- Deltakarar under VM i skiskyting 2019
- Deltakarar under VM i skiskyting 2020
- Deltakarar under VM i skiskyting 2021
- Deltakarar under VM i skiskyting 2023
- Deltakarar under VM i skiskyting 2024
- Deltakarar under VM i skiskyting 2025