Drit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kumøkk.
Foto: Thomas Steiner
Møkkhaug
Foto: Andrew Dunn

Drit, skit og møkk er ord som viser til ekskrement eller noko som liknar, som søle. Orda blir brukt i fleire norske banneuttrykk, men blir gjerne rekna som mildare på norsk enn dei tilsvarande uttrykka på fleire andre språk, som tysk, engelsk[1] og fransk.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Møkk eller møk kan brukast til naturgjødsel. Ofte kan ein kalla slik gjødsel møkk, som i møkkakjellar, møkkaspreiar eller å kjøra møkk. Andre nemningar på dette er frau og hevd.[2]

Bruk av orda[endre | endre wikiteksten]

Drit, skit og møkk finst i mange uttrykk der det kan ha ulik tyding.

  • Noko ein ikkje liker
    • Dritunge eller skitunge blir gjerne brukt om ein plagsam liten unge.
    • Drittsekk, skitstøvel eller møkkamann, brukt om ein svært usympatisk eller irriterande person.
  • Forsterkande
    • Dritglad, skitredd
  • Faste uttrykk
    • Å selja som hakka møkk, noko som sel bra utan nødvendigvis å vera verd så mykje. Uttrykket stammar frå norsk guanohandel.
    • Skitt la gå, 'det gjer ikkje noko'.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Alle desse orda har gamle germanske røter og har hatt om lag same tyding i lang tid.

Skit stammar frå gammalnorsk skīta, som kan sporast tilbake til protogermansk *skit- og vidare til protoindoeuropeisk *skheid-, som tyder 'å dela'. Dette kan visa til at ein delte skiten frå resten av kroppen. Skit finst på tysk som Scheisse og på engelsk som shit.

Me finn former av ordet att i fleire indoeuropeiske språk, til dømes gresk, der rotforma skato- er blitt teken inn som framandord i ord som skatologi og liknande omgrep.

Drit kjem frå oldnordisk drîta som har germansk rot *drît-an, drait, dritan-. Ordet er teke opp på engelsk som dirt.

Også møkk (norrønt mykr) har germanske røter og er blitt rekonstruert som *mukî. Det har samanheng med å måka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Shite». Cambridge Dictionary Online. Arkivert frå originalen 18. april 2010. Henta 22. april 2010. 
  2. «drit» i Nynorskordboka.