Duett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Duet måla av James Sant.
«Blomeduetten» frå operaen Lakmé

Ein duett er ein musikalsk komposisjon eller stykke for to utøvarar, eller ei framføring av eit slikt stykke. Ordet kjem frå italienske due, 'to'.[1]

Ein duett kan framførast anten berre av to musikarar eller av to solistar akkompagnert av ein eller fleire musikarar. Ein duett kan framførast av både instrument og song. Omgrepet vert likevel mest nytta når to personar syng saman.

Opera[endre | endre wikiteksten]

Duettar har alltid vore ein viktig del av strukturen til ein opera. Tidlege verk frå 1500-talet som L'Orfeo og L'incoronazione di Poppea har duettar gjennom heile stykket. I Italia på 1600-talet blei duettar ofte nytta i komiske scener inannfor seriøse verk. I Frankrike i barokken var duettar utbreidde i tragediar, til dømes i songar om hemn og konfrontasjon. Kjærleiksduetten blei kjenneteikna av synging i tett harmoni som symboliserte eining etter konflikt.[2]

Døme på duettar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «duett» i Nynorskordboka.
  2. Tilmouth, Michael. «Duet». Grove Music Online. Henta 12. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]