Dumafolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adoumafolk i kano kring 1900.

Adoumafolk eller dumafolk er ei etnisk gruppe i Gabon i Sentral-Afrika.[1] Dei bur hovudsakleg på den sørlege breidda av den øvre Ogooué-elva, i nærleiken av Lastoursville (som opphavleg var ein adoumalandsby), og er kjende som dyktige kanoførarar eller båtfolk. Dei snakkar duma, eit nzebi-språk i bantufamilien.[2]

Ifølgje overleveringane deira kom folket frå aust eller søraust, ned Sebe-elva til Ogooué, og deretter til Doumé-stryka.[3] Dei laga kanoar av okoumetre og sele slavar til okandéfolk, i bytte mot europeiske produkt som skytevåpen og tekstilar. Société du Haut-Ogooué (SHO) skipa ein post ved Lastoursville og handla meda doumafolk i gummi, elfenbein og ibenholt.[treng kjelde]

På 1970- og 1980-talet flytta mange adouma nedover Ogooué, i retning mot byen Port-Gentil.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Duma People of Gabon .» (på engelsk). Henta 15. september 2022. 
  2. «Duma People of Gabon .» (på engelsk). Henta 15. september 2022. 
  3. «Duma People of Gabon .» (på engelsk). Henta 15. september 2022.