Løve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Løve
Ho- og hannløve i Okavango i Botswana.
Ho- og hannløve i Okavango i Botswana.
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av løva i dag (blått) og tidlegare (raudt)
Utbreiinga av løva i dag (blått) og tidlegare (raudt)
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Feliformia
Familie: Kattefamilien Felidae
Underfamilie: Pantherinae
Slekt: Store kattedyr Panthera
Art: Løve P. leo
Vitskapleg namn
Panthera leo

Løva er eit stort rovdyr som lever på savannar, stepper og ørknar i Afrika og i eit reservat i nordvestlege India. Ho skil seg ut som det nest største av kattedyra (etter tigeren), og som det einaste sosiale. Ho høyrer med mellom dei mest brukte dyra i symbolikk og folklore, og opptrer mellom anna i det norske riksvåpenet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hannløve i Namibia.

Løver veg som regel mellom 150 og 280 kg, og har ei kroppslengd på opptil 190-275 cm. Hannen er 20-50% større enn hoa. Fargen varierer frå lyst gulbrun til svart, alt etter kvar dyra lever; vanlegvis er dei lysast i ørkenstrok. Løva kan verta opp til 25 år i fangenskap. Det finst ei kryssing mellom løve og tiger, liger.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Løva finst hovudsakleg i det sentrale og sørlege aust-Afrika, men isolerte populasjonar finst òg i Sahara og nord i India. Tidlegare fanst dei over eit mykje større område, m.a. heilt nord til HellasAristoteles' tid; men menneskeleg jakt og konkurranse har utrydja dei mange stadar. M.a tærte romarane mykje på bestanden i si tid.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Løva er det einaste sosiale kattedyret, og organiserer seg i flokkar på opp til 20-30 dyr. Kjernen i flokken består oftast av 4-12 løvinner i nær slekt, oftast kusiner og søstrer. Øvst på rangstigen i flokken ligg leiarhannen, som sjeldan er i slekt med løvinnene og vanlegvis har kome seg til makta i flokken ved å drepa den tidlegare leiaren. Stundom vert flokkar leidd av fleire hannar, det er då vanlegvis snakk om brødrepar. Alle ungar i flokken er avkom av leiarhannen/leiarhannane og holøvene, framande born eller born av tidlegare leiarar vert som regel drepne.

Løvehann og unge et ein nedlagt bøffel.

Løvene jaktar i flokk, og det er løvinnene som har hovudansvaret. I rike område, som Serengeti, bidreg ikkje hannen i det heile teke, medan det mellom anna i Namibiaørkenen er tilnærma likestilling på dette området på grunn av den knappe tilgangen på bytte. Berre ein av ti jakter ender med at løvene nedlegg eit dyr.

Rangordninga i flokken avgjer kva rekkjefølgje individa i flokken får ete av byttet. Leiaren et først, etterfølgd av eldre løvinner, før born og unge får krangla om restane. Dette gjer at mange døyr før dei rekk å bli kjønnsmogne, og fører til at berre dei sterkaste og mest hardføre løveungane overlever.

Status som art[endre | endre wikiteksten]

Løvebestanden har falle dramatisk over lengre tid. I Sentralafrika lever det per i dag mellom 16000 og 30000 dyr, mot 100 000 tidleg i 1990-åra. Utrekningar viser likevel at populasjonen er i vokster att, grunna auka barnekull. Situasjonen for den asiatiske løva er verre; den einaste populasjonen tel ikkje stort fleire enn 300 individ.

Statue av løve som kongssymbol med krone.

Løva i kultur og symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Løva symboliserer mot og styrke, og er eit vanleg dyr både i kunsten og heraldikken. Noreg høyrer til mellom dei mange landa som har ho i riksvåpenet sitt, saman med mellom anna Danmark, Storbritannia, Skottland og India.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Verdens dyr, Cappelen 1985

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Panthera leo
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Løve