Tiger
Tiger | |
![]() Bengaltiger Panthera tigris tigris i Rajasthan | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av tiger | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Familie: | Kattefamilien Felidae |
Slekt: | Store kattedyr Panthera |
Art: | Tiger P. tigris |
Vitskapleg namn | |
Panthera tigris | |
Underartar | |
|
Tiger | |
Namn på andre språk | |
---|---|
Svensk | Tiger |
Dansk | Tiger |
Engelsk | Tiger |
Tysk | Tiger |
Fransk | Tigre |
Spansk | Tigre |
Russisk | Tigr (Тигр) |
Tigeren er eit stort rovdyr som lever i ymse skogområde i Asia. Det er det største av kattedyra, og kan drepa husdyr og menneske. I løpet av det siste hundreåret har 94 % av alle verdas tigrar frsvinne, og det finst truleg berre 5 000-7 000 ville tigrar igjen. Nokre underartar er utrydda, og arten er rekna som truga.
Innhaldsliste
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Det finst åtte ulike underartar av tigrar, og dei varierer i storleik. Den største, sibirtigeren (Panthera tigris altaica), har ei kroppslengde mellom 270 og 310 cm og ei vekt på opptil 260 kg. Dei minste variantane, som lever i Indonesia, veg så lite som 100 kg og er ikkje lengre enn 220-270 cm.
Utbreiing[endre | endre wikiteksten]
Dei ulike tigerunderartane lever i isolerte populasjonar i fleire asiatiske land, mellom anna India, Mandsjuria, Bangladesh, Burma, Nepal, Kina og Indonesia. Bestanden er størst i mangroveområdet Sundarbans i India og Bangladesh, der det heldt til over 3000 bengaltigrar.
Åtferd[endre | endre wikiteksten]
Tigeren lever åleine i store territoriar, og har berre kontakt med artsfeller i paringstida. Han er hovudsakleg nattaktiv, og lever for det meste på store pattedyr han angripar bakifrå eller frå sidan. Menneskeetande tigrar førekjem berre unntaksvis; det dreier seg då oftast om skadde eller eldre individ som ikkje er i stand til å jakta på dei vanlege byttedyra.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Verdens dyr, Cappelen 1985
- Delar av denne artikkelen bygger på «Tiger» frå Wikipedia på bokmål, den 19. september 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
