E85

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
E85-pumpe på ein bensinstasjon.

E85 er eit drivstoff som inneheld etanol og bensin. E85 inneheld om lag 85 % etanol og 15 % blyfri bensin om sommaren, medan tilhøvet er 75/25 % om vinteren. E85 kan mellom anna brukast av bilar som er tilpassa denne typen drivstoff, ofte kalla etanolbilar. Ved utgangen av august 2007 var det 15 bensinstasjonar med E85 i Noreg.

E85 har en bankefasthet på 104 oktan. Dette gjer at drivstoffet kan komprimerast meir enn bensin seld ved pumper i Noreg, og er derfor egna ved bruk i høgytelsesmotorar.

Drivstoffet er utbreidd i Sverige og har hatt aukande bruk i USA, særleg i Midtvesten. Etanolet i drivstoffet kan lagast av jordbruksplantar som mais, kveite og sukkerrøyr og annan biomasse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]