Eamonn Coghlan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eamonn Coghlan

Statsborgarskap Irland
Fødd 21. november 1952 (71 år)
Drimnagh
Yrke politikar, langdistanseløpar, mellomdistanseløpar
Høgd 177 centimeter
Politisk parti Fine Gael

Eamonn Christopher Coghlan (fødd 24. november 1952) er ein irsk politikar og tidlegare friidrettsutøvar frå Dublin Coghland vart verdsmeister på 5000 meter ved friidretts-VM 1983 i Helsinki. Han var medlem av det irske senatet, Seanad Éireann, frå 2011 til 2016.[1]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Coghlan meisterskapsdebuterte internasjonalt med fjerdeplass på 1500 meter under Sommar-OL 1976 i Montreal. To år seinare vann han sølvmedaljen på same distansen under EM 1978 i Praha. Han sette då personleg rekord med 3.36,5 og var i mål sekundet bak briten Steve Ovett. Coghlan studerte og tevla mykje i USA, der han gjorde mange av sine aller beste løp å den engelske mila, og ofte innandørs.

Frå 1980 valde Coghlan å delta på 5 000 meter i dei store internasjonale meisterskapane. I Sommar-OL i Moskva var han med i medaljekampen heilt inn til målstreken, men enda på fjerdeplassen, knapt to sekundar bak vinnaren. Den 19. august 1981 sette han personleg rekord på 5 000 m med 13.19,1 i storstemnet i Zürich.

Coghlan vart i 1983 verdsmeister på 5 000 meter i Helsinki, etter ei fabelaktig sterk avslutning var han nesten to sekundar føre dei andre medaljevinnarane i mål. Han heldt fram å delta i ulike tevlingar i mange år, trass i at han tidvis var plaga med skadar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Eamonn Coghlan vart utnemnd til senator av den irske statsministeren Enda Kenny i mai 2011.[2][3] Han sat utan partitilknytting fram til 7. februar 2012, då han blei med i Fine Gael.[4] Ved suppleringsvalet til underkammeret Dáil Éireann i Dublin West i 2014 stilte han til val for Fine Gael, men blei slått ut til fordel for Ruth Coppinger frå Sosialistpartiet.[5][6] Coghlan var senator fram til 2016.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Directory of Members, oireachtas.ie 
  2. Edwards, Elaine (20 May 2011). «McAleese appointed to Seanad». The Irish Times. 
  3. «Mr. Eamonn Coghlan». Oireachtas Members Database. Henta 29 May 2011. 
  4. «Senator Eamonn Coghlan joins FG». The Irish Times. 7. februar 2012. Henta 7. februar 2012. 
  5. O'Connor, Niall (24 May 2014). «FF candidate now a threat to Coppinger as Dublin West 'goes down to the wire'». The Independent. Henta 24 May 2014. 
  6. «Socialist Party's Ruth Coppinger wins Dublin West byelection». 24 May 2014. Henta 24 May 2014. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]