Hopp til innhald

Eastleigh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eastleigh
by
Land  England
Region Hampshire
Distrikt Eastleigh
Folketal 78 716 (2011)[1]
Postnummer SO50
Retningsnummer 023
Kart
Eastleigh
50°58′00″N 1°21′00″W / 50.966666666667°N 1.35°W / 50.966666666667; -1.35
Wikimedia Commons: Eastleigh

Eastleigh er ein jernbaneby i Hampshire i England, og det administrative senteret i Eastleigh som er ein del av Southampton storbyområde.

Byen ligg mellom Southampton og Winchester, og er ein del av South Hampshire storbyområde. Distriktet Eastleigh strekkjer seg frå Netley ved breidda av Southampton Water, dei historiske elvelandsbyane Hamble-le-Rice, Bursledon og Botley, utviklingsområda i Hedge End, West End, Fair Oak & Bishopstoke og det grøne bustadbeltet Chandler's Ford og Boyatt Wood. Det finst fleire føretak i Eastleigh, mellom anna ein fabrikk for Prysmian Cables & Systems.

The Point i Eastleigh.

Byen ligg ved elva Itchen, ei av dei beste elvane i England for flogefiske med status som Site of Special Scientific Interest.[2]

  1. http://www.citypopulation.de/UK-Cities.html.
  2. Hampshire and Isle of Wight Wildlife Trust (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 24. august 2009, henta 14. juli 2011

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Eastleigh