Winchester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om byen i England. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Winchester (fleirtyding).

Winchester

Sentrum
Sentrum
Sentrum
Plassering
Winchester is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Hampshire
Distrikt Winchester
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

41 420
Koordinatar 51°4′″N 1°19′″WKoordinatar: 51°4′″N 1°19′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SO22, SO23
Telefon-retningsnummer 0 1962
Commons har multimedium som gjeld: Winchester

Winchester er administrasjonsbyen i grevskapet Hampshire i England. Folketalet er omkring 35 000 (2004). Byen er òg administrasjonssenter for City of Winchester, eit distrikt som dekkjer byen med områda rundt. Winchester ligg ved elva Itchen, 2 mil nordaust for Southampton.

Winchester var hovudstad i kongedømet Wessex, og er gjerne også rekna som tidlegare hovudstad for England. Fleire viktige historiske bygg er bevart i byen, som Winchesterkatedralen frå 1100-talet, Winchester College grunnlagt i 1382 og Storhallen, den einaste bevarte delen av det kongelege slottet. Storhallen vart gjenoppbygd til si noverande form mellom 1222 og 1235. Han er kjent som staden der det runde bordet til kong Arthur skal vera; sidan 1463 har eit stort rundt bord hengt på veggen og blitt ein stor turistattraksjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romersk skulptur funnen i Winchester.
Skulptur frå domkyrkja i Winchester.

Den tidlegaste kjende busetnaden er frå jernalderen, då det vart lagt fleire fort omkring byen. Byen var kjend som «Caer Went» av keltarane. I romersk tid heitte han «Venta Belgarum» og var ein viktig by. Han fekk bymur på 200-talet. Under den romerske tilbakegangen på 300- og 400-talet gjekk også byen tilbake, men han kan ha fortsett å vera eit administrasjonssenter. Gravstader frå 500- og 600-talet tyder på at han vaks til att. I 648 reiste kong Cenwalh av Wessex ei kyrkje her som er kjend som «Old Minster» og blei ein forløpar for den seinare domkyrkja i byen.

gammalengelsk heitte byen «Wintan-ceastre». I angelsaksisk tid var byen hovudstad i kongedømet Wessex frå 519. Han blei bispesete i 676. Sidan England vart samla på denne tida, vart han dermed òg hovudstad i England fram til erobringa til normannarane i 1066. På 800-talet blei den romerske byplanen erstatta med eit rutenett laga av kong Alfred den store for å stå imot vikingåtak.

Etter at Alfred døydde reiste enkja hans Ealhswith eit nonnekloster, «Nunnaminster», medan sonen fullførte ønsket hans om å bygga ei ny kyrkje, New Minster, like ved den gamle. Den noverande Winchesterkatedralen blei bygd i normannisk stil og innvigd i 1093.

Fleire biskopar av Winchester hadde stor makt. Biskop Æthelwold var ein leiande figur i reformasjonen av klostervesenet i England, og stod også bak bygginga av avløpssystemet for byen som var i bruk fram til 1875. William av Wykeham (1366–1404), var ansvarleg for mykje av utforminga av katedralen slik han står i dag. Han grunnla òg Winchester College, den eldste privatskulen i England. Ein annan kjend biskop av Winchester er sankt Svithun frå 800-talet, som den norske domkyrkja i Stavanger vart vigd til.

I mellomalderen var byen eit viktig sentrum for ullhandel, ein næringsveg som etterkvart døydde ut. Det var òg ein viktig stad for pilegrimar, sidan den gamle pilegrimsleia til Canterbury starta der.

Forfattaren Jane Austen døydde i Winchester i 1817 og er gravlagd i katedralen. Fleire biskopar av Winchester og tidlege kongelege, som Knut den mektige, Emma av Normandie og William Rufus, er også gravlagde her. Alfred den store og Edvard den eldre blei også opphavleg gravlagde i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]