Edelgran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edelgran
Edelgran
Edelgran
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Plantar Plantae
Rekkje: Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Bartre Pinales
Familie: Furufamilien Pinaceae
Underfamilie: Abietoideae
Slekt: Edelgran Abies
Art: A. alba
Vitskapleg namn
Abies alba

Edelgran eller sølvgran (Abies alba) er eit eviggrønt bartre i edelgranslekta.

Edelgran er mykje brukt til juletre.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Botanisk illustrasjon av edelgran.

Treet blir som regel inntil 40 meter høgt og sjeldnare opptil 50 meter. Maksimal stammediameter er typisk 1,5 m. Rekorden for eit individ har vore 68 meter og 3,8 meter i diameter.

Borken på edelgran er glatt og mørkebrun. Nålene er flate og butte (1,8-3 cm lange, 2 mm breie og 0,5 mm tjukke). Nålene er mørkegrøne og med to grøn-kvite band (spalteopningar) på undersida. Konglane er 9-17 cm lange og 3-4 cm breie, med 150-200 skjel. Frøa er eggforma, raudlege og med 2 venger, og dei blir opptil 2,5 cm lange. Edelgran kan bli over 400 år gammal.[1]

Treet krev noe regnfall, og trivst best frå 300 moh. (helst 500 moh.) og opp til 1 700 meters høgd.

Svært nære slektningar av arten er kong Boris-edelgran (Abies borisii-regis) og siciliansk gran (Abies nebrodensis), men edelgrana har meir glisne greiner og nåler enn desse to. Nokre rekner likevel dei to andre artane som varianter av vanleg edelgran, då med dei vitskaplege namna A. alba var. acutifolia og A. alba var. nebrodensis.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Edelgranskog i Velebitfjella i Kroatia.

Edelgran stammar frå fjellområde i Sentral-Europa, det vil seia i Serbia, Karpatane, Alpane, Pyreneane og Italia. Grana er ein viktig art i den vest-balkanske kalksteinsskogen langs Adriaterhavet, som i Kroatia og på Orjen i Montenegro.

Utplanta utbreiing og bestand[endre | endre wikiteksten]

Allereie på midten av 1700-talet blei edelgran planta på Austlandet i Noreg (Meheia) og nokre tiår seinare på Vestlandet. Treet finst i enkeltbestandar langs heile norskekysten nordover til Lofoten. Det er blitt nytta som prydtre og ein del i kystskogbruket. Edelgran blir framleis brukt ein del innan juletre- og pyntegrøntproduksjon, men andre Abies-arter har i regelen teke over. I Noreg er det sett ut fleire andre Abies-artar, mellom anna nobeledelgran (Abies procera) og sibirsk edelgran (Abies sibirica). Totalt er det planta cirka 30000 dekar med Abies-artar.[2]

Som framand art kan edelgran bli invasiv. Arten set frø tidlig, har hyppige frøsettingar og rikeleg med kongler. Frøa har i tillegg venger, noko som gjer at dei lett spreier seg med vinden. Treet veks raskt, er svært skyggetolande og foryngar seg godt sjølv i tette og eldre bestandar.

Storleiken, tettleiken og alderen på plantefeltet er i stor grad avgjerande for spreiing og effektar. På grunn av langdistansespreiing kan edelgran og dei andre Abies-artane etablera seg langt frå opphavsbestanden. Den raske veksten og forynginga vil gjera at arten raskt utkonkurrerer lokale artar. Fleire av edelgranartane, inkludert Abies alba, er svært skyggetolsame og kan over tid spreia seg og utgjera klimakssamfunn. Dette vil påverka det biologiske mangfaldet negativt og spreiing vil også potensielt kunna påverka opne landskap, som i kulturbetinga naturtypar, dersom dei lokale spreiingstilhøva ligg til rette for dette.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Gymnosperm Database: Abies alba
  2. Øyen, B. H., H. L. Andersen, T. Myking et al. 2009. Økologiske egenskaper for noen utvalgte introduserte bartreslag i Norge, Pages 40. Ås, Norway, Norsk Institutt for skog og landskap.
  3. Aarrestad, P.A., Bendiksen, E., Bjerke, J.W., Brandrud, T.E., Hofgaard, A., Rusch, G. & Stabbetorp. O.E. 2013. Effekter av treslagsskifte, treplanting og nitrogengjødsling i skog på biologisk mangfold. Kunnskapsgrunnlag for å vurdere skogtiltak i klimasammenheng. – NINA Rapport 959. 69 s.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Edelgran