Edgar Bruun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edgar Bruun
Fødd 4. august 1905
Christiania
Død

30. oktober 1985
Oslo

Yrke friidrettsutøvar

Edgar Helge Bruun (4. august 190530. oktober 1985) var ein norsk friidrettsutøvar frå Oslo som i 1938 vann bronsemedaljen i 50 kilometer kappgang under europameisterskapen i Paris. Han var medlem i idrettslaga Frogg og Hero.

Bruun gjekk den 28. juni 1936 inn til verdsbestetid i 50 km kappgang ved eit stemne i Oslo. Tida 4.26.41 galdt som verdsrekord i fem år. Fem veker etter rekordganga i Oslo deltok Bruun på same distansen ved dei olympiske sommarleikane i Berlin, der han med tida 4.34.53 vart femtemann i tevlinga, fire minuttar bakom vinnaren og etter å ha vore «til skogs tre ganger under konkurransen» grunna «trøbbel med maven». To år etter gjekk han i mål som bronsevinnar på 50-kilometeren då Friidretts-EM 1938 fann stad i Paris, 41 sekundar bakom toraren, Herbert Dill frå Tyskland. Bruun var ein av åtte deltakarar i kappgang-tevlinga ved EM i friidrett 1946 i heimbyen, der han opplevde å verte diskvalifisert etter 39 km. I Sommar-OL 1948 vart han fjerdemann på 50 km, nærare fem minuttar unna bronseplassen.

Brunn vann seks norske meisterskapstitlar på 50 kilometer, til saman vann han 20 NM-gull i kappgang på bane og på landeveg.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Sport i navn og tall, 1971.