Edvard Storm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edvard Storm
Edvard Storm.jpg
Fødd 21. august 1749
Vågå
Død

29. september 1794
København

Yrke lyrikar, prest, skribent
Edvard Storm på Commons

Edvard Storm (fødd 21. august 1749 Vågå, død 29. september 1794 København) var ein norsk diktar og skulemann, i Noreg kanskje mest kjend for Sinclairvisa, ei vise om slaget ved Kringen.

Edvard (eller Edward) var son av vågåpresten Johan Mikkelsen Storm og Ingeborg Birgitta Røring. Som tolvåring reiste han frå Vågå til Christiania for skulegang. I 1765 tok han examen artium ved Københavns universitet. Året etter kom han heim att til prestegarden, truleg av omsyn til helsa. Ei tid var han huslærar i Lesja. På denne tida fekk han sterke inntrykk frå norsk natur og folkeliv

Studie i København[endre | endre wikiteksten]

I juli 1769 drog Storm heimanfrå for å studere teologi i København, men han fekk aldri embetseksamen. Økonomien var dårleg, og tida gjekk med til skriving. Då han hadde skrive diktet «Indfødsretten» fekk han 1778 ein årleg heidersgåve på 100 riksdalar frå kongen og like mykje frå arveprinsen. Litt tente han dessutan ved undervising og ved litterært arbeid.

Edvard Storm var ein ivrig beundrar av den danske diktaren Johannes Ewald, og slutta seg venekrinsen hans. Men han var òg sterkt knytt til Noreg, og han skreiv ni songar på norsk bygdemål, sannsynlegvis i byrjinga av 1770-åra. Desse songane er ein tidleg spire av norsk litteratur på dialekt, og er rekna blant det beste av diktinga til Storm.

Skulemannen Storm[endre | endre wikiteksten]

Storm avslutta i hovudsak diktargjerninga si omkring 1785. Frå no av trer skulemannen fram. I 1786 var han med å stifte «Selskabet for Efterslægten». Selskapet arbeidde for å stifte ein realskule for born, og i samband med denne vart det halde populære foredrag for eldre born og unge menneske over emne frå ulike vitskapar. Storm forelas fire timar om veka over «Leveklogskab», geografi, dansk språklære og gresk og nordisk mytologi. Då sjølve skulen kom i gang, fekk Storm fullt opp å gjere: Det gjekk ikkje ein dag, utan at han vitja han, anten for sjølv å undervise, eller for å føre tilsyn med undervisinga. Frå 1790]vart han knytt fastare til skulen som ei slags overinspektør.

Ein månad før han døydde, vart han utnemnd til å vere ein av direktørane for Det kongelige teateret.


Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Bræger, 1774. Komisk heltedikt.
  • Adskilligt paa Vers, 1775.
  • Infødsretten, 1778. Dikt i 4 songar.
  • Fabler og Fortællinger i den Gellertske Smag, 1778.
  • Samlede Digte, 1785.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dansk biografisk Lexikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]