Egil Øvrebø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egil Øvrebø
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. januar 1928
Død

16. april 2011 (83 år)

Yrke historikar

Egil Øvrebø (fødd 25. januar 1928 i Jølster, død 16. april 2011 i Bergen) var ein norsk historikar og arkivmann, og var statsarkivar i Bergen frå oktober 1971 til januar 1995.

Han tok artium på Firda gymnas på Sandane i 1947, og gjorde militærteneste i Tysklandsbrigaden. Egil Øvrebø vart cand. philol. 1956 med hovudfag i historie og bifag i latin og norsk. Han vart tilsett som arkivaraspirant i Riksarkivet 9. oktober 1953, var seinare arkivarvikar same stad, og vart i 1960 fast tilsett som arkivar ved Eldre avdeling i Riksarkivet.

Egil Øvrebø vart utnemnd til statsarkivar i Bergen 9. juli 1971, og tok over embetet 1. oktober.

Som statsarkivar la han ned stor innsats i å få ordna og katalogisert arkiva ved Statsarkivet i Bergen. Han ivra sterkt for å få i gang digitalisering og skanning av dei sentrale arkivseriane, og samarbeida med Historisk Institutt i Bergen om databaseregistrering av emigrantprotokollane for Bergen (1975-76), og kirkebøkene for Bergen (1980-). Han fekk prøvd ut bruk av videoplater som medium for arkivering tidleg på 1980-talet.

Som forskar var han oppteken av befolkningshistorie, og gav etter grundige arkivstudiar ut bok om den militære utskrivinga frå Bergen stift under Store Nordiske krig (1709-1719) i 1996.

Publikasjonar:[endre | endre wikiteksten]

1956: Om busetnaden i ei vestlandsk innlandsbygd, Jølster, på 1500- og 1600-talet. 1956, Oslo. 78 bl. Hovudoppgåve i historie - Universitetet i Oslo, 1956.

1967: Peder Thott, Norsk Biografisk Leksikon, bind 16, s. 299-300.

1967: Moneta Norwei. Norsk mynt i tusen år. Heimen XIV (1967-69), s. 47-48.

1970: Merknader til ei bokmelding. Heimen XV (1970-72), s. 23-27.

1970: Om avtaksforretninger. Riksarkivets privatarkiv nr. 273, Riksen. Heimen XV (1970-72), s. 83-84.

1975: Nordhordland sorenskrivararkiv 1642-1945 (-1969) i Statsarkivet i Bergen. Konseptkatalog. 88 s.

1975: EDB-registrering av emigrantprotokoller, Nordisk Arkivnyt 4/1975, side 85.

1976: En ny bergensk arkivvise.

1978: I søkelyset: Diskresjonsspørsmål og personvern i lokalhistorien. Merknader. Heimen XVII (1976-78), s. 337-339.

1978: Kommentar til innlegg av Eljas Orrmans foredrag om Arkivenes Arbeidsprioritering. Trykt i «Arkivene og arkivbrukerne, rapport fra de 12. nordiske arkivdagene i Oslo 23.-24. juli 1977». ISBN 82-548-0002-2. Utgitt av Riksarkivet, Oslo 1978, side 95-98

1979: Bergen byarkiv. Nordisk Arkivnyt nr. 3 1979 s. 64-65

1979: Esge Bille og frøken Simonsen. Bergens Tidende 22. januar 1979.

1979: Statsarkivet i Bergen. Oversiktskatalog 1979. Utkast. 54 s.

1980: Eldre arkivbygningar (Statsarkivet i Bergen). Norsk Arkivseminar 1980. Oslo 1981, s. 119-126.

1981: EDB-prosjekt i Statsarkivet i Bergen, s. 198-201 NST XXVIII (1981), i Arkivposten 1/1981, s. 1-5, og i Humanistiske data. - Nr.1-1981. NAVFs EDBsenter for humanistisk forskning, 1981 s.14-18

1982: Lensrekneskapar. Rentekammeret I. Austlandet. Del av serien Arkivregistraturar. Oslo. XXV + 333 s.

1983: Lensrekneskapar. Rentekammeret II. Agder, Vestlandet, Trøndelag, Nord-Noreg. Del av serien Arkivregistraturar. Oslo. 2 band. XXV + 425 s.

1984: Videoplateteknikk - det nye lagringsmediumet for Arkivverket? Arkivposten 2/1984, s. 2-6.

1984: Frå Statsarkivet i Bergen. Arkivposten 3/1984, s. 2-3.

1985: Statsarkivet i Bergen 100 år. Arkivposten 4/1985, s. 149-150.

1986: Bergen stiftamtmannsarkiv. Arkivposten 4/1986, s. 216-217, og i Nordisk Arkivnyt 3/1986, side 64.

1986: Stiftamtmannen i Bergen. Statsarkivet i Bergen. 1986. Bergen, VI, 245 s.

1988: Register til biskop Randulfs kopibok 1667-1674 i Bergen bispearkiv. Bergen. 105 s.

1988: Biskop Randulfs kopibok 1667-1674. Bjørgvin: kyrkjehistorisk årbok, s. 24-32.

1988: Rise Fimland, Risestøylen og Nærbedølingane. Jul i Sunnfjord, s. 20-23.

1989: Om prestearkiv og kommisjonsarkiv. Arkivposten 1/1989, s. 9-12.

1990: Ligso got æ græte føst. Jul i Sunnfjord, s. 13-17.

1991: Scanning - en løsning på slitasjeproblem? Nordisk arkivnyt - Årg. 36, nr. 3 (1991), s. 107-108. (Saman med Yngve Nedrebø.)

1992: Riksarkivet og resten av arkivverket. Arkivmagasinet 2/1992, s. 5-7.

1995: Ålhus kyrkje. Utg. Ålhus sokneråd. 82-993444-0-9. 109 s. Ill. (saman med Oddleiv Apneseth.)

1996: I kongens teneste : militær utskriving frå Bergens stift under Store nordiske krig 1709-1719. 558 s. ISBN 82-548-0048-0. Del av serien Skriftserie (Riksarkivet (Norge)), Bergen/Oslo.

1998: Biskop Koldings Kopibok, med namneregister og saksregister, Bergensposten 1, 1998, s. 11-30. 1998